Hjem Nyheter Støyskadd høyrsel på jobb – kva veit [..]

Støyskadd høyrsel på jobb – kva veit vi om førekomsten, og kva gjer vi med problemet?

I daglegtalen vert støy ofte definert som uynskt lyd. Sterk støy (særleg smell og høge lydar) kan føre til øyresus og nedsett høyrsel. Støy kan, som éin av fleire faktorar, verke inn på tryggleiken og kommunikasjonen på arbeidsplassen.

Kva er støy?
Ein meir presis definisjon av støy enn den vi brukar i daglegtalen, er vibrasjonar av lekamar eller luftmolekyl som vert sendte vidare som bølgjer (ein type uynskt mekanisk energi). Lydnivå vert gjeve i ein logaritmisk skala. Tilrådd støynivå i arbeidsomgjevnadene er mindre enn 55 dB.

Nedsett høyrsel og øyresus er plager som mange opplever frå 50-årsalderen. Årsaka er ofte ukjend, men plagene kan skuldast støyskade. Støyavhengig høyrselsskade kan kome gradvis som følgje av gjentekne episodar med sterk støy (særleg smell og ekstreme lydnivå). Det har lenge vore snakk om at enkelte personar toler meir støy enn andre ved same eksponering.

Impulsstøy opp i 130–150 dB gjev stor risiko for skade av høyrselen, medan smertegrensa ligg ved 135–140 dB. Mange opplever fysisk ubehag ved støynivå på 80 dB.

Helseeffektar av støy
Vedvarande høge støynivå og impulsstøy kan føre til nedsett høyrsel og øresus, men mellombels tap av høyrsel er vanlegare enn permanent tap av høyrsel. Støy kan, som éin av fleire faktorar, også verke inn på tryggleiken og kommunikasjonen på arbeidsplassen.

Studiar har vist at det kan vere ein samanheng mellom støy (ekstrem støy på meir enn 90 dB) på jobb og høgt blodtrykk / hjarte-/karsjukdomar. Hos arbeidarar som er eksponerte for støy på 95 dB, er det påvist endringar i hjarterytmen. Mykje av forskinga som har vore gjort på stress og støy, tek utgangspunkt i forsøk på dyr. Her har ein sett forbigåande endokrinologiske endringar. Resultata har ikkje direkte overføringsverdi til menneske, sjølv om enkelte epidemiologiske studiar tyder på ein samanheng mellom støy og uheldige verknader på hjarte-karsystemet hos menneske.

Tidlege tverrsnittsstudiar frå 1960- og 1970-talet viste at arbeidarar som var eksponerte for intens støy dagleg over mange år, fekk nedsett høyrsel i dei høgfrekvente områda, og at aukande støy gav aukande høyrselstap. I studiar frå 1980- og 1990-talet kunne ein sjå ein samanheng mellom yrkesstøy og høyrselstap. Høyrselsvern vart funne opp for å førebyggje slike skadar, men verknaden er ikkje særleg godt dokumentert. Éin av 10 personar som er eksponerte for støy på 95–100 dB, utviklar høyrselstap etter 20 år. I tillegg er det semje om at støy over 85 dB, aukar risikoen for å misse høyrselen.

Yrkesgrupper som er utsette for støy
Dei siste 10–15 åra har det blitt færre yrkesaktive som er utsette for støy, og i Levekårsundersøkinga av arbeidsmiljø i 2009, oppgav om lag ti prosent av dei yrkesaktive at dei var utsette for sterk støy i minst ein fjerdedel av arbeidstida. Dette inneber at om lag 250 000 yrkesaktive var utsette for dette i 2009.

Yrkesaktive i industrien, primærnæringane og bygg- og anleggsnæringa er dei som er mest utsette. I desse sektorane har ein gjort mykje for å redusere støynivåa, mellom anna ved å avskjere kjelda, betre maskinane eller bruke personleg verneutstyr. Trass i dette er støy framleis eit utbreidd problem.

Dataa som NOA har gjort tilgjengelege, kan vere nyttige for bedriftshelsetenesta i det støyførebyggjande arbeidet, men må tolkast forsiktig ettersom resultata kan vere farga av ei subjektiv oppleving av støyeksponeringa.

Yrkesgrupper som opplever nedsett høyrsel
Nedsett høyrsel og øresus er den yrkessjukdommen som blir meldt hyppigast til Arbeidstilsynet. Kvart år får Arbeidstilsynet ca. 2000 meldingar om høyrselsskade. Dette utgjer omlag 60 prosent av alle meldingane til tilsynet.

I Levekårsundersøkinga rapporterte drygt 13 prosent av norske yrkesaktive at dei i løpet av den siste månaden hadde vore meir eller mindre plaga av nedsett høyrsel. Om lag tre prosent oppgav at dei hadde nedsett høyrsel som heilt eller delvis skuldast eksponering på jobb. Det vil seie at omtrent 86 000 yrkesaktive meiner å ha fått nedsett høyrsel på grunn av jobben.

Få nyhetsbrev
Lukk