Nyhet

Skiftarbeid i offshoreindustrien og psykiske plager

Ein ny studie ved STAMI viser at det er ein samanheng mellom individuelle og arbeidsrelaterte faktorar og mental helse i form av symptom på angst og depresjon, blant skiftarbeidarar som jobbar offshore i petroleumsindustrien. Menn rapporterer høgare nivå av psykiske plager enn kvinner.

Tilsette i norsk offshore-industri jobbar lange og intensive skift. På installasjonane i Nordsjøen er ein eksponert for ekstremt vêr og risiko for ulukker. Det har til no vore forska lite på sjølve arbeidstidsordninga som vert brukt offshore.

Om undersøkinga
I denne studien vart 2406 offshore-tilsette i eit stort norsk oljeselskap inviterte til å delta i ei undersøking i 2006. 1336 av dei tilsette deltok ved å svare på ei spørjeundersøking på nett. Ein ynskte å sjå på individuelle faktorar som alder, kjønn, sivilstatus og skiftarbeidrelatert kontrollplassering (locus of control), arbeidsrelaterte faktorar som nattarbeid, krav, kontroll, støtte og arbeid/heim-konflikt, og korleis desse eventuelt påverkar den mentale helsa.

Selektert gruppe i offshoreindustrien
Når ein samanliknar tilsette i petroleumsindustrien med andre skiftarbeidarar i Noreg (t.d. legar), ser ein at offshore-arbeidarane skårar relativt lågt på psykiske plager.

– Dei som jobbar offshore i Noreg, er ei selektert gruppe. Først og fremst er det ein sjølv-seleksjon i den forstand at ikkje kven som helst ønskjer ein slik jobb. Deretter vert det stilt krav om eit helsesertifikat, der også mental helse er vurdert. Til sist kjem det ein kallar «healthy worker effect»: dei som ikkje meistrar å jobbe skift, sluttar relativt raskt, medan dei som meistrar det godt, blir ståande i jobb, fortel Cathrine Haugene Ljoså ved STAMI, som står bak studien.

Meir psykiske plager blant menn
I tidlegare studiar blant den generelle folkesetnaden rapporterer kvinner høgare grad av angst og depressive symptom enn menn. I denne studien såg ein derimot at menn skåra høgare på psykiske plager enn kvinner.

– Det at menn rapporterte høgare nivå av psykiske plager enn kvinner var overraskande og i strid med hypotesane våre for undersøkinga. Ein kan soleis tenkje seg at kvinner som tek jobb offshore, utgjer ei selektert gruppe med god fysisk helse og lågt nivå av psykiske plager. I og med at petroleumsindustrien tradisjonelt har vore mannsdominert, vil det vere naturlig å sjå kvinnene i denne industrien som ei unik gruppe. Denne seleksjonen kan delvis forklare kvifor kvinnene i denne studien rapporterte mindre psykiske plager enn mennene. Ei anna forklaring kan vere at kvinnene til dels har andre arbeidsoppgåver enn mennene, seier Cathrine Haugene Ljoså.

Høge krav, lita grad av sosial støtte og høg grad av arbeid/heim-konflikt var også assosiert med psykiske plager. Arbeid/heim-konflikt er ein faktor som ser ut til å ha stor påverknad på den mentale helsa. Det kan opplevast som belastande å vere borte frå heimen i to veker, og det er knytt utfordringar både til avskjed og heimkomst.

 

Originalartikkel

Andre artikler knyttet til Arbeidstid og Psykososiale forhold

  • Tilsyn og rettleiing frå Arbeidstilsynet - Nyttar det?

    Forsking viser at eit ugunstig psykososialt arbeidsmiljø kan føre til at tilsette får muskelskjelett- og psykiske plager. STAMI er i gang med å kartlegge arbeidsmiljøet blant landets heimetenester for å finne svar på kva tiltak frå Arbeidstilsynet som fungerer best for å bidra til å forbetre det psykososiale arbeidsmiljøet blant tilsette i bransjen.

  • Arbeid med mennesker påvirker helsa

    I yrker hvor man jobber i direkte kontakt med mennesker er det forventet at den ansatte uttrykker bestemte følelsesuttrykk uavhengig av dagsform og humør. Dette kan oppleves utfordrende og kan påvirka helsa, viser ny doktorgrad.

  • Nytt verktøy kan studere arbeidsmiljøets betydning for sykefravær og arbeidsdeltagelse

    Forskere ved STAMI har utviklet et verktøy som gjør det mulig å ta i bruk registerdata for å studere betydningen av psykososiale og mekaniske arbeidseksponeringer på arbeidshelse i store populasjonsstudier.

  • Mobbing og smerte blant kvinner og menn

    Fleire studiar har vist at mobbing på jobb kan føre til fysiske smerter. Men er grada av smerte forskjellig mellom menn og kvinner? Det har forskarar frå Statens arbeidsmiljøinstitutt funne svar på.

  • Organisatoriske endringer øker risikoen for psykiske plager hos ansatte

    Større organisatoriske endringer brer seg i både privat og offentlig sektor. I en ny studie fra Statens arbeidsmiljøinstitutt har forskere funnet en økt forekomst av psykiske helseplager hos ansatte i bedrifter som har gjennomgått organisasjonsendringer. Psykiske plager er en viktig årsak til produktivitetstap, sykefravær og uførhet i det norske arbeidslivet. Funnene kan gi svar på hvorfor endringer i bedrifter ofte ikke fører til økt lønnsomhet.

  • Vold og mobbing øker risikoen for psykosomatiske plager hos sykepleiere

    Mer enn hver fjerde palestinske sykepleier på Vestbredden har vært utsatt for ulike former aggresjon på jobben, viser ny studie. Studien viser at å være utsatt for vold og mobbing øker risikoen for å utvikle psykosomatiske symptomer.