Seksuell trakassering på arbeidsplassen kan variere frå slengkommentarar til fysiske tilnærmingar og overgrep. Det klare fleirtalet av dei som opplever seksuell trakassering, blir utsette for uynskte verbale kommentarar som til dømes går på kropp, klesdrakt eller livsstil.
I strid med tradisjonelle oppfatningar er det like mange menn som kvinner som blir utsette for seksuelt krenkande utsegner og handlingar.
Psykisk helserisiko hos kvinner
Undersøkinga er utført blant eit representativt utval av yrkesaktive i alderen 18 til 67 år, og viser at det er kjønnsskilnader i forholdet mellom seksuell trakassering på arbeidsplassen og psykiske stressfaktorar. Kvinner rapporterer i mykje større grad enn menn at stadig trakassering skaper ei sterk grad av ubehag og stress.
– Over tid kan dette utgjere ein vesentleg psykisk helsefare, seier Morten Birkeland Nielsen ved STAMI, som står bak studien. Han poengterer at trakasseringa kan føre til alvorlege psykiske helseplager som angst og depresjonar. Menn som vert utsette for det same, rapporterer derimot få eller ingen psykiske helseplager.
Kjønnsskilnader i reaksjon
– Funna i undersøkinga viser ein samanheng mellom seksuell trakassering og seinare psykiske plager blant kvinner, men ikkje blant menn. Kvinner verkar dermed oppleve seksuelt trakasserande handlingar som meir alvorleg enn det menn gjer.
Studien viser også at menn, men ikkje kvinner, med psykiske plager har auka sannsyn for å rapportere seksuell trakassering på eit seinare tidspunkt. Hos menn ser soleis psykiske plager ut til å vere ein risikofaktor for å oppleve dårleg arbeidsmiljø og trakassering, seier Birkeland Nielsen.