Olje- og gassproduksjon genererer årleg mykje avfall som vert sendt til behandlingsanlegg på land. Der vert avfallet behandla og deponert eller destruert. Ifølgje Statistisk Sentralbyrå utgjer oljehaldig avfall den største mengda av farleg avfall som vart samla inn i 2012. Dette inkluderer m.a. diverse oljeboringsavfall frå kontinentalsokkelen.
Aukande avfallsmengde
Ifølgje prognosar frå Olje- og energidepartementet vil auka utbygging, nye funn og intensiv leiteverksemd føre til auka mengder oljeboringsavfall i dei næraste åra.
Krava frå styresmaktene om ikkje å sleppe ut borekaks med oljevedheng over 1 vektprosent, har eliminert utsleppa av borekaks ved boring med oljebasert borevæske. I staden vert kaksen sendt i land for reinsing og attvinning. Langs kysten har det blitt bygd opp eit mottaksapparat for å ta imot dette boreavfallet.
Attvinning og helseplager?
Attvinningsbedrifter som tek hand om og resirkulerer oljeboringsavfall, er ein forholdsvis ny industri. Det finst heller lite dokumentasjon på eventuelle helseplager blant arbeidarar som handsamar boreslam på anlegga.
Frå bedriftshelsetenestene har det blitt rapportert om plager som til dømes lukt, trøyttleik, hovudverk og kvalme. Dette er diffuse plager som kan ha fleire årsaker, men ein kan ikkje sjå bort frå at eksponering på arbeidsplassen kan ha sitt å seie. Ein ynskjer difor no å kartleggje risikoen for helseskadeleg eksponering på desse arbeidsplassane.
I studien skal STAMI utarbeide eit prosesskart over dei ulike behandlingstrinna og risikoutsette arbeidsoperasjonar for avfallsstraumar frå offshoreverksemda. Dette skal gi ei betre forståing av kvar eventuell eksponering kan kome føre.
– Forskarane vil karakterisere eksponering for kjemiske og biologiske sambindingar i arbeidslufta. Dette er sambindingar som vert danna ved attvinning og behandling av boreslam, borekaks og slopvatn. I tillegg skal det gjerast eksponeringsmålingar av utvalde agensar på norske attvinningsanlegg. Dersom det er naudsynt, blir det til slutt gjeve tilrådingar om tiltak som kan redusere eksponeringa, seier Silvio Uhlig, forskar og prosjektleiar ved STAMI.