Hjem Nyheter Psykologisk distress offshore

Psykologisk distress offshore

I ein nyleg publisert artikkel har ei gruppe forskarar sett på førekomsten av psykologisk distress og stressorar i arbeidsmiljøet blant tilsette i offshoreindustrien. Forskinga viser at det er lågare psykologisk distress blant arbeidarar offshore enn i folkesetnaden elles.

Det er første gong ein har sett på desse samanhengane i offshoresektoren. Forskar Morten Birkeland Nielsen ved Statens arbeidsmiljøinstitutt og kollegaar frå Universitet i Bergen og Høgskolen i Stord/Haugesund har sett på 741 arbeidstakarar frå sektoren.

Resultata viser at psykologisk distress – eit omgrep som ofte vert omsett med lette mentale problem – er noko mindre utbreidd blant dei som jobbar på plattformer, enn blant dei som arbeider i landbaserte verksemder. Prosentdelen ligg på opp mot 13 prosent i landbaserte verksemder, men er berre på rundt 9 prosent innanfor offshore.

Lite forsking er gjort på området
– Det er gjort særs få studiar på den mentale helsa til dei som jobbar offshore. Det har blitt gjennomført nokre gjennom Petroleumstilsynet (PTIL), men desse har ikkje gått i djupna, seier Morten Birkeland Nielsen. Han seier vidare at forskarane kjende til britiske funn som indikerte same resultat som dei ein no ser i den norske undersøkinga. Desse funna var relevante for å setje opp ein norsk studie.

Hypotesen som forskarane hadde om stressorar på arbeidsplassen, gjekk på aspekt som mellom anna risikopersepsjon, tryggleiksklima (godt eller dårleg), mangel på konstruktiv leiing, laissez-faire-leiarskap, jobbkrav, mobbing, og manglande avgjerdsrett – og at desse hang saman med opplevinga av distress. Noko også forskinga stadfesta.

Arbeidstakarane vart kartlagde i forhold til desse stressorane, og resultata viste ein signifikant korrelasjon mellom psykologisk distress og fråverande leiing, og opplevinga av å bli mobba på arbeidsplassen.

Årsaker til lågare psykologisk distress
Forskarane trur at den lågare førekomsten av psykologisk distress blant offshorearbeidarar kan skuldast seleksjonen til yrket. Dei som ynskjer å jobbe offshore, må gjennom ei rekkje testar, mykje trening og mange ulike kurs for å få tryggleikssertifikat. I tillegg må arbeidarane gjennom pålagde medisinske testar for å kunne arbeide offshore. Ein slik seleksjonsprosess kan vere med på å hindre at personar med mentale problem får jobbe offshore, og den lågare prosentdelen kan då vere ein slags «healthy worker»-effekt.

– Dei som jobbar offshore, veit at dei har eit høgrisikoyrke. Helikopterulukker, fallulukker og utblåsingar kan skje på eit eller anna tidspunkt. Mobbing eller ein fråverande leiar er derimot ikkje noko ein reknar med. I denne bransjen har ein ikkje vore så oppteken av psykososiale tilhøve som til dømes mobbing, trakassering og fråverande leiarar. Når ein då no ser at desse tinga heng saman med den psykiske helsa til dei tilsette, vert det klart at også slike tilhøve kan utgjere ein tryggleikskritisk faktor. Difor er det viktig å sjå på kva ein kan gjere for å redusere mobbing og mangelfull leiing både i eit tryggleiks-
perspektiv og med omsyn til dei enkelte arbeidarane og deira helse, understrekar Morten Birkeland Nielsen.

 

Originalartikkel

Få nyhetsbrev
Lukk