Om lag 15 prosent av norske yrkesaktive rapporterte at dei i løpet av den siste månaden hadde vore meir eller mindre plaga av symptom på angst og/eller depresjon.
Rollekonflikt og høge emosjonelle krav er risikofaktorar
Arbeidsmiljøfaktorane som auka risikoen for psykiske plager, var opplevd rollekonflikt, høge emosjonelle krav, liten innverknad på arbeidssituasjonen, mobbing/trakassering, og fare for å miste jobben Om lag ¼ av dei rapporterte plagene kunne tilskrivast desse faktorane.
Basert på tre års oppfølgingsdata frå levekårsundersøkinga til Statistisk Sentralbyrå fann forskarane at yrkesaktive som opplever rollekonflikt og høge emosjonelle krav, er særleg utsette. Rollekonflikt kan oppstå når ein blir pålagt oppgåver som ein ikkje har nok hjelpemiddel eller ressursar til å løyse, når ein blir sett til å utføre oppgåver som ein sjølv meiner burde vore gjort annleis, eller når ein får motstridande førespurnader frå to eller fleire personar.
Emosjonelle krav er gjerne utbreidd blant yrkesaktive som har direkte kontakt med kundar, klientar og pasientar, og som i høg grad må skjule negative kjensler som sorg, sinne og frustrasjon i arbeidssituasjonen sin. Psykiske plager var høvesvis 53 og 38 prosent meir sannsynleg blant yrkesaktive som opplevde høg grad av rollekonflikt og høge emosjonelle krav.
Strategisk førebyggingsarbeid er viktig
I tidlegare forsking har ein kopla psykiske plager til låg produktivitet på jobb, auka sjukefråvær og auke risiko for å utvikle meir alvorlege psykiske lidingar. Det er difor viktig at arbeidsgjevaren og bedriftshelsetenesta er merksame på uheldige psykososiale faktorar i arbeidsmiljøet, og arbeider strategisk og kontinuerleg med førebygging.