Hjem Nyheter Ny åremålsperiode for direktør Pål Moland[...]

Ny åremålsperiode for direktør Pål Molander på STAMI

Direktør Pål Molander blir tilsett i åremålsstilling som direktør for Statens Arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) for ein periode på seks år, frå det tidspunktet departementet avgjer.

Dette vil vere Molanders andre åremålsperiode som direktør for STAMI. Molander er utdanna dr. scient. frå Universitetet i Oslo i 2000. I 2001 byrja han som forskar  i STAMI og vart forskingsdirektør same stad i 2006. I 2011 blei Molander første gongen tilsett som direktør for STAMI for ein periode på seks år.

Arbeids- og sosialdepartement ser Pål Molander som godt kvalifisert i stillinga som direktør for STAMI. Han har med sin bakgrunn og personlege kvalifikasjonar gode føresetnader for å halde fram med arbeidet med å vidareutvikla STAMI.

STAMI har over fleire år hatt ei særs fin utvikling, der rolla som premissleverandør av kunnskap på arbeidsmiljøområdet har vorte vesentleg styrka. I ei tid der arbeidslivet er i stor utvikling, og arbeidsmiljøforholdet vil spele ei viktig rolle i utforminga av arbeidslivet framover, er eg særs motivert for å halde fram arbeidet med å utvikle STAMI vidare til det beste for norsk arbeidsliv, seier Pål Molander i ein kommentar.

Se også sak på regjeringa.no

Få nyhetsbrev
Lukk