Hjem Nyheter Nattarbeid og brystkreftrisiko

Nattarbeid og brystkreftrisiko

Ein ny studie av norske sjukepleiarar viser samanheng mellom fleire års arbeid i skiftordningar med mange påfølgjande nattevakter og auka risiko for brystkreft. Blant sjukepleiarar som hadde arbeidd 6 eller fleire påfølgjande nattevakter i minst 5 år, såg ein høgare risiko for brystkreft samanlikna med sjukepleiarar som aldri hadde jobba nattevakter. I analysar der ein brukte andre mål for mengde nattarbeid, vart det ikkje påvist nokon klar samanheng.

Resultat frå fleire studiar dei siste 20 åra har vist ein samanheng mellom nattarbeid og auka risiko for brystkreft. I ein norsk studie frå 2006 vart det påvist auka risiko for brystkreft blant sjukepleiarar som hadde jobba nattevakter i mange år. På bakgrunn av desse studiane valde FNs kreftforskingsinstitutt (IARC) i 2007 å klassifisere nattarbeid som mogleg kreftframkallande faktor.

Forskinga har enno ikkje gjeve noko klart svart på kva det eventuelt er ved nattarbeid som representerer ein risiko. Det har heller ikkje vore opplagt korleis nattarbeid skal målast.
I tidlegare studiar har ein mellom anna brukt «tal på år med nattevakter» eller «samla tal på nattevakter» som mål på denne belastinga. Meir spesifikke data om arbeidstidsordningar og nattarbeid har vore etterspurde. Noko av det ein har ynskt å sjå nærare på, er konsekvensane av å jobbe fleire nattevakter på rad.

Forskingsprosjekt blant norske sjukepleiarar
Våren 2009 vart 2300 norske sjukepleiarar spurde om å delta i forskingsprosjektet «Arbeidsmiljø og kreftrisiko blant sjukepleiarar», som er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens Arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) og Kreftregisteret.

Sytti prosent av dei som vart inviterte, takka ja til å delta. I alt 699 som hadde hatt brystkreft, og 895 som ikkje hadde hatt det, vart intervjua over telefon om ei rekkje faktorar som kan påverke utviklinga av brystkreft – mellom anna barnefødslar, hormonbruk, kreft i nær familie, alkohol- og tobakkonsum, og yrkeshistorie.

For kvar jobb vart sjukepleiarane spurde om dei hadde vore eksponerte for røntgenstråling eller cellegift, og kva slags turnus dei jobba. Viss turnusen inneheldt nattevakter, vart dei også spurde om kor mange påfølgjande nattevakter dei jobba. Over 70 % av dei som vart intervjua, sendte også inn ei spyttprøve, som skal brukast til genanalysar i det vidare arbeidet med prosjektet.

Resultat
Hovudfunnet frå studien var at sjukepleiarar som hadde arbeidd 6 eller fleire påfølgjande nattevakter i minst 5 år, hadde høgare risiko for brystkreft enn sjukepleiarar som aldri hadde jobba nattevakter etter endt sjukepleiarutdanning.

Det vart også gjennomført analysar der ein nytta same mål for nattarbeid som i tidlegare studiar. Resultata frå desse viste ingen tydeleg samanheng mellom nattarbeid og brystkreft. Ei mogleg forklaring kan vere at belastinga med nattarbeid har blitt mindre med åra, med mellom anna færre påfølgjande nattevakter.

Medan den førre norske studien inkluderte sjukepleiarar som fekk brystkreft i perioden 1960–1982, inkluderer den nye studien berre dei som fekk diagnosen etter 1990. I Noreg kunne arbeidsplanen for sjukepleiarar tidlegare (første halvdel av 1900-talet) innehalde så mange som 14 påfølgjande netter, i tillegg til dag- og kveldsvakter. Dette var ei stor påkjenning for mange. Desse tilhøva har gradvis betra seg, slik at det no er meir vanleg å arbeide 2 eller 3 nattevakter i strekk.

Konklusjon
Studien viser at mange påfølgjande nattevakter over lenger tid ser ut til å auke risikoen for brystkreft. Så vidt vi veit er dette den første studien der ein undersøkjer korleis talet på påfølgjande nattevakter kan påverke brystkreftrisikoen. Før ein kan trekkje sikre konklusjonar må ein soleis ha fleire studiar der ein nyttar same mål for nattarbeid, gjerne i andre yrkesgrupper, og med bruk av ulike studiedesignar.

Originalartikkel

Få nyhetsbrev
Lukk