Hjem Nyheter Nakkesmerter hos unge yrkesaktive

Nakkesmerter hos unge yrkesaktive

I ein ny artikkel frå STAMI har ein undersøkt nakkesmerter hos unge yrkesaktive. Arbeidstakarar som hadde vedvarande muskelaktivitet over halvparten av arbeidsdagen, hadde tre gongar høgare førekomst av nakke- og skuldersmerter samanlikna med deltakarar som hadde vedvarande muskelaktivitet mindre enn 1/3 av arbeidsdagen. Dette galdt spesielt menn, men same tendens vart påvist også blant kvinner.

Nakke- og skuldersmerter er eit vesentleg helseproblem i den yrkesaktive folkesetnaden, og er vanleg også blant unge vaksne som nettopp har kome ut i arbeidslivet. Det har vore gjort grundige undersøkingar av nakke- og skuldersmerter, og smertene har blitt kopla til biomekaniske og psykososiale arbeidsfaktorar i tillegg til individuelle risikofaktorar. Årsakene er framleis uklare, og vert rekna som komplekse og multifaktorielle.

Muskelaktivitet i arbeidet har innverknad på nakkesmertene
Ein skadeleg effekt av vedvarande aktivitet i nakkemuskelen har blitt foreslått som ein av fleire moglege mekanismar for nakke- og skuldersmerter. Tidlegare studiar tyder på at redusert muskelkvile eller vedvarande muskelaktivitet kan vere viktige faktorar som fører til nakke- og skuldersmerter.

Denne studien viser at muskelaktivitet i nakken under arbeid verkar inn på nakke- og skuldersmerter blant unge arbeidstakarar. Vedvarande aktivitet på under fire minutt (målt på ein enkelt arbeidsdag) var assosiert med nakke- og skuldersmerter i eit påfølgjande tidsrom på 2 ½ år.

Resultata styrkjer hypotesen om at vedvarande trapeziusmuskelaktivitet er knytt til nakke- og skuldersmerter, og at samanhengande muskelaktivitet på over fire minutt i meir enn halvparten av arbeidsdagen, aukar frekvensen av nakke- og skuldersmerter. Denne samanhengen var sterkast i analysane av kortsiktige effektar.

Få nyhetsbrev
Lukk