Hjem Nyheter Nakkesmerter er vanlege i arbeidslivet

Nakkesmerter er vanlege i arbeidslivet

Muskel- og skjelettplager er ei av dei vanlegaste årsakene til sjukmelding og uførepensjon i Noreg, og det er særleg vanleg med smerter i nakke, skulder og øvre arm. 60 prosent av dei som har desse plagene, meiner at jobben er årsaka. Det er store variasjonar mellom yrkesgruppene, og det er fleire kvinner enn menn som er ramma.

Unge slit med muskelplager
Jamt over rapporterer unge yrkesaktive (16–24 år) i noko større grad enn eldre at dei utfører hardt fysisk arbeid og har vonde arbeidsstillingar og einsidige arbeidsoppgåver. Smerte i nakke, skulder og rygg er utbreidd blant unge arbeidstakarar, og forsking frå STAMI viser at muskel- og skjelettplager også er utbreidd blant dei som har vore kort tid i jobb.

Saman med forskarane Morten Wærsted og Bo Veiersted ved STAMI har Stipendiat Therese N. Hanvold gjort ein studie på smerter i nakke, skulder og øvre rygg hos yrkesskuleelevar i overgangen frå skule til arbeidsliv. Undersøkinga er basert på sjølvrapporterting, og resultata viser at mange slit med muskel- og skjelettplager. Samstundes var det berre få som rapporterte om alvorleg smerte.

173 yrkesskuleelever vart følgde frå siste året på vidaregåande skule og gjennom dei to første åra i arbeidslivet. Elevar frå frisørfaget, elektrikarfaget og teikning, form og farge deltok i undersøkinga. Dette er yrke der muskel- og skjelettplager er særleg utbreidd. Ifølgje tal frå Nasjonal overvåking av arbeidsmiljø og -helse, er frisørane ei av dei gruppene som er mest utsett for belastingar, og 34 prosent av frisørane rapporterte om smerter i nakke og skulder. Det viser seg at dei som hadde smerter medan dei gjekk på vidaregåande skule, hadde tre gongar høgare risiko for å få slike smerter når dei kom ut i jobb.

Arbeid med heva armar aukar risikoen for nakkesmerter. Frisør- og elektrikaryrket er døme på yrke der ein ser ein høg førekomst av muskel- og skjelettplager samstundes som gjennomsnittsalderen er låg. Yrka involverer vesentlege lokaliserte fysiske belastingar på grunn av arbeid med heva armar – utan støtte. Dette er ei arbeidsstilling som er godt dokumentert som risikofaktor for nakke- og skulderplager. Det er påvist i ulike studiar at sjølv små reduksjonar i arbeid med olbogane heva over skulderhøgde kan redusere risikoen for senebetennelse i skuldra.

Viktig med førebygging
Hanvold meiner det er viktig å identifisere moglege risikofaktorar hos ungdom og unge arbeidarar for å hindre utvikling av muskelsmerter seinare i livet. – Når ein ser at muskel- og skjelettplager er ein viktig faktor når det gjeld sjukefråvær og uførleik, er det viktig å tenkje førebygging. Det blir stadig fleire eldre i arbeidslivet, og det er stort behov for å halde så mange som mogleg i arbeid fram til pensjonsalder.

Det finst mellom anna gode indikasjonar på at ei kortvarig kvile av nakkemusklane eller armane ca. kvart 10 minutt kan førebyggje nakke- og skulderplager i denne type jobbar. Førebyggande arbeid med omsyn til muskel- og skjelettplager må startast opp på eit tidleg tidspunkt, kanskje allereie før dei unge trer inn i arbeidslivet, seier Hanvold.

Rollekonfliktar og nakkesmerter
Også psykologiske og sosiale faktorar ved arbeidet har mykje å seie for nakkesmertene hos tilsette. Stipendiat Jan Olav Christensen har, saman med avdelingsdirektør og professor Stein Knardahl ved STAMI, undersøkt kva jobbfaktorar som har størst innverknad på utviklinga av nakkesmerter. Rollekonflikt skil seg ut som den sterkaste risikofaktoren, og er knytt til nakkesmerte i alle analysane, seier Christensen.

Christensen forklarer rollekonflikt som manglande samsvar mellom måten ein må gjere ein jobb på, og korleis ein sjølv meiner at jobben bør gjerast, eller at ein får motstridande førespurnader frå til dømes ulike personar. Det kan også innebere ein konflikt mellom oppgåver og eigne verdiar og oppfatningar.

Meir kontroll over eige arbeid gjev mindre smerter
Dei som rapporterte at dei hadde leiarar som støtta sjølvstende og initiativ, hadde lågare risiko for nakkesmerter. Kontroll over avgjerder rundt eige arbeid var også knytt til lågare risiko for nakkesmerter.
– Undersøkinga påviser risikofaktorar som er relativt presist definerte, og dannar dermed eit godt grunnlag for førebygging av plager. Det er viktig for bedriftene å unngå rollekonfliktar. Viss bedriftene tek tak i desse problemstillingane, vil det vere mogleg å førebyggje nakkesmerter, seier Christensen.

Tidlegare forsking har vore konsentrert om nokre få arbeidsfaktorar. Denne undersøkinga viser at ein må gjere breie undersøkingar av mange aspekt ved arbeidet for å finne fram til dei faktorane som påverkar muskel- og skjelettsmerter.

I studien svarte i overkant av 2400 tilsette i 20 bedrifter på spørsmål om arbeidsinnhald, arbeidsmiljø, haldningar, endringar, helseplager og arbeidsevne. Alle i undersøkinga vart stilte dei same spørsmåla to gongar med to års mellomrom. Føremålet med studien var å kartleggje kva psykologiske arbeidsfaktorar som har mest å seie for nakkesmerter.

Få nyhetsbrev
Lukk