Den største byrden av muskel- og skjelettplager ligg hos middelaldrande og eldre arbeidstakarar. Det kan difor vere vanskeleg å forstå at faktorar som påverkar utviklinga av slike plager i vaksen alder, kan ha blitt forma allereie fleire tiår tidlegare.
Muskel- og skjelettplager kan oppstå i ung alder
Ettersom unge arbeidstakarane berre har vore i arbeidslivet ei kort tid, er lengda på arbeidseksponeringa avgrensa. Dei som har mykje smerter i barndom og oppvekst, har i stor grad også smerter som vaksne. Det har difor vore diskutert om grunnlaget for muskel- og skjelettsmerter i vaksenlivet vert lagt allereie på eit tidleg tidspunkt.
Blant norsk ungdom rapporterte om lag halvparten av jentene og ein tredjedel av gutane kroniske, uspesifikke muskel- og skjelettsmerter. Nakke- og skulderregionen var mest utsett. I ein ny studie av nytilsette arbeidstakarar rapporterte 24 prosent skuldersmerter, medan 15 prosent rapporterte om skuldersmerter som hadde kome tilbake etter eitt år. Resultat frå forskingsprosjekt ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) har tidlegare vist at unge vaksne som rapporterte nakke- og skulderplager i løpet av yrkesretta vidaregåande utdanning, hadde tre gongar så høg risiko for å få plager etter å ha gått inn i arbeidslivet.
Risikofaktorar for muskel- og skjelettplager
Både mekaniske og psykososiale arbeidsfaktorar har vore knytt til nakke- og skulderplager. Individuelle faktorar som fysisk kapasitet og kjønn kan også spele ei rolle. Studiar på vaksne arbeidstakarar har vist at både mekanisk arbeidsbelasting og psykososiale faktorar på jobben kan auke risikoen for nakke- og skulderplager, men det er forska lite på risikofaktorane blant unge vaksne i deira første år i arbeidslivet.
Ny studie
I ein nyleg publisert artikkel frå eit forskingsprosjekt ved STAMI, der ein studerte årsakene til muskel- og skjelettlidingar hos unge menneske i overgangen frå yrkesfagleg utdanning og ut i arbeidslivet (MÅMS-prosjektet), ser ein nærare på utviklinga av nakke- og skuldersmerter. Fokus for den nye studien ved STAMI har vore sokalla mekanisk eksponering og smerteoppleving. Her er smerteopplevinga sjølvrapportert.
I studien ynskte ein også å identifisere arbeidsrelaterte og individuelle risikofaktorar for nakke- og skuldersmerter. Hovudresultata viste at dei unge arbeidstakarane rapporterer relativt lite nakke- og skuldersmerter.
Resultata viser likevel ein signifikant auke av nakke- og skuldersmerter dei første åra i arbeidslivet for denne gruppa, med ein aukande tendens til å rapportere moderat/alvorleg smerte allereie i dei første åra av yrkeslivet.
I artikkelen peiker ein på mekanisk belasting som ein risikofaktor også blant unge arbeidstakarar (særleg kvinner) som kjem frå yrkesfagleg utdanning. Muskelspenning og bakgrunn vart identifisert som dei mest konsistente risikofaktorane for nakke- og skuldersmerter i denne gruppa av unge arbeidstakarar. Klinisk testa skulder-uthaldsevne vart påvist som beskyttande faktor for nakke- og skuldersmerter blant menn.
– Det vi såg, var at nakke- og skuldersmertene aukar over tid i overgangen frå skule til arbeidsliv. Når vi så ser ein auke i smerterapporteringa dei første åra i arbeidslivet, kan det vere teikn på at ein bør rette større merksemd mot arbeidsmiljøet blant unge arbeidstakarar. Både arbeidsrelaterte og individuelle faktorar er assosiert med smerteutviklinga, sjølv om eksponeringsperioden for arbeidsrelaterte faktorar er relativt kort. Studien vår viser at mekanisk arbeidsbelasting er ein mogleg risikofaktor, og det kan tyde på at ein har eit særleg førebyggingspotensial innanfor manuelle yrke, seier Therese Hanvold, stipendiat ved STAMI.
Førebyggjande tiltak
Det er viktig at det førebyggjande og helsefremjande arbeidet har fokus på unge arbeidstakarar.Unge arbeidstakarar ser ut til vere meir utsette for skadar og ulukker i arbeidslivet. Aldersgruppa mellom 16 og 24 år oppgir å ha tyngre fysisk arbeidsmiljø samanlikna med eldre arbeidstakarar.
– Muskel- og skjelettplager er ein stor bidragsytar når det gjeld sjukefråvær og uførleik, og førebygging er soleis viktig. Det blir stadig fleire eldre i arbeidslivet, og det er stort behov for å halde så mange som mogleg i arbeid fram til pensjonsalder. Førebyggjande arbeid med omsyn til muskel- og skjelettplager må startast opp på eit tidleg tidspunkt, kanskje allereie før dei unge trer inn i arbeidslivet, seier Bo Veiersted, forskar og lege ved STAMI.