Nyhet

Ledig stilling: Avdelingsingeniør/overingeniør - vikariat

Ved Statens arbeidsmiljøinstitutt er det ledig vikariat som avdelingsingeniør/overingeniør ved Avdeling for kjemisk og biologisk arbeidsmiljø, gruppe for kjemisk arbeidsmiljø, frå 1. mai 2018 til 31. mars 2019.

 

Gruppa si forsking har som mål å bidra til å avdekke nye eller utdjupe allereie kjente årsak/verknadssamanhengar mellom kjemisk/biologisk eksponering i arbeidet og auka risiko for arbeidsrelaterte sjukdom. Fastsetjing av kjemiske sambindingar og biologiske agens i luft og i biologiske væsker står sentralt i gruppa si forsking og laboratorietenesteverksemd.

Vi søkjer etter ein person med kompetanse innan organisk analytisk kjemi. Erfaring med instrumentell analyse, yrkeshygieniske problemstillingar og prøvetakingsmetodikk, samt at kjennskap til elektroniske informasjonssystem for laboratorium (LIMS-system) er ein fordel.

Arbeidsoppgåver
Arbeidet vil være knytt til analyse av luftforureiningar på arbeidsplassar, med fokus på bioaerosolar. Bruk av analyseteknikkar som LC-MS og LAL-test vil stå sentralt. Vidare vil arbeidsoppgåvene være å delta i utvikling av eksisterande og å implementere nye analyseteknikkar, samt rådgiving om prøvetaking og utarbeiding av analyserapporter knytt til laboratorietenesteverksemda. I sambinding med deltaking i forskingsprosjekt vil noko reiseverksemd/feltarbeid forventast.

Kvalifikasjonar
Vi søker etter ein person med minimum 3 års høgare utdanning og primært ein kandidat med mastergrad innan fagområdet organisk analytisk kjemi. Nyutdanna blir oppfordra til å søkje.

Eigenskapar
Samarbeidsevne, serviceinnstilling og personlig initiativ vert tillagt stor vekt. Gode munnlege og skriftlige kommunikasjonsferdigheter på norsk er ein føresetnad. Det forventast at den som tilsettast ynskjer å ta del i utviklinga av nye arbeidsområder/teknikkar, i tråd med den teknologiske utviklinga og instituttet sine behov.

Ingeniørstillinga er eit vikariat i ei fulltidsstilling og blir løna etter Statens regulativ som avdelingsingeniør (kode 1085) eller overingeniør (kode 1087) frå kr 423.200,- til kr 517.700,- avhengig av utdanning og kvalifikasjonar, med 2% innskot til Statens pensjonskasse.

Byrjing: Etter avtale, men seinast 01.05.2018

Søknadsfrist: 1.mars 2018

Vitnemål og attestar tas med til eit evt. intervju.

Søk på stillinga

  • Personalia
  • ----------------------------------------------
  • Vennligst oppgi utdannelse og jobberfaring

  • Fra Til Utdanningsinstitusjon  
  • Fra Til Utdanningsinstitusjon  
  • Fra Til Utdanningsinstitusjon  
  • ----------------------------------------------
  • Fra Til Arbeidsgiver  
  • Fra Til Arbeidsgiver  
  • Fra Til Arbeidsgiver  
  • ----------------------------------------------