Nyhet

Kvinner og arbeidshelse

Arbeidsmarknaden er framleis kjønnsdelt, og det gjer at menn og kvinner vert utsette for ulike arbeidsmiljøutfordringar. Dei siste tiåra har yrkesaktiviteten blant kvinner auka. Det er i dag nesten like mange kvinner som menn i arbeid, og delen av yrkesaktive kvinner i Noreg er tett på 70 prosent.

Noreg er blant dei landa i Europa med høgast prosentdel sysselsette kvinner. Berre Island har ein større prosentdel kvinner i arbeid. Arbeidsmiljøet i Noreg er generelt bra, også for kvinner. Eit særtrekk ved den norske arbeidsmarknaden er den høge førekomsten av deltidsarbeid, først og fremst blant kvinner.

Deltidsarbeid er mest vanleg blant pleie- og omsorgsarbeidarar, servicepersonell, butikkmedarbeidarar, reinhaldarar og barne- og omsorgsarbeidarar. I desse gruppene oppgir meir enn 40 prosent at dei jobbar deltid. Deltid er meir enn dobbelt så vanleg blant kvinner med barn under 16 år. Vi ser òg at det er kvinnene med lågast utdanning som i størst grad jobbar deltid.

Arbeidsrelaterte risikofaktorar for kvinner
European Agency for Safety and Health at Work gav nyleg ut ein rapport om kva risikofaktorar kvinner vert utsette for i arbeidet i dag. Trass i at landa i Europa har ulike arbeidsmiljøutfordringar, er fleire faktorar sams. Ifølgje rapporten har arbeidsrelaterte risikofaktorar som særleg gjeld kvinner, vore eit nedprioritert område både med omsyn til forsking og førebygging.

Muskel- og skjelettplager vert skildra som eit aukande kvinnehelseproblem i Europa. Kvinner i Noreg har høgare førekomst av arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager samanlikna med menn, og dette er særleg tydeleg når det gjeld nakke-/skuldersmerter.

Psykiske helseplager blant kvinner i Europa viser også ein aukande tendens. Kvinner si dobbeltrolle som arbeidstakarar på den eine sida og ansvarlege for heim og barn på den andre sida, vert trekt fram som ein mogleg årsaksfaktor. Yrkesaktive kvinner i Noreg rapporterer gjennomgåande meir mentale arbeidsrelaterte helseplager enn menn, og då først og fremst mismot, depresjon og psykisk utmatting.

Seksuell trakassering, vald og truslar om vald mot kvinner er eit aukande problem. Ei forklaring som vert framheva av European Agency for Safety and Health at Work, er at det vert stadig fleire som arbeider i helse-, sosial- og servicesektoren. I denne sektoren av arbeidslivet er førekomsten av seksuell trakassering, vald og truslar om vald høgare samanlikna med andre sektorar, og det er helst kvinner som arbeider i sektoren.

Fleire eksponeringar og fleire helseplager
I rapporten poengterer ein vidare at kvinner i større grad er utsette for kombinerte eksponeringar i arbeidslivet. Det å bli utsett for ulike arbeidsmiljøfaktorar samstundes kan føre til mange typar helseplager. Tall frå levekårsundersøkinga til SSB viser at menn i tradisjonelle mannsdominerte yrke (t.d. tømrarar, murarar og veg-/anleggsarbeidarar) er utsette for fysiske, kjemiske og mekaniske faktorar i arbeidet. Dei handsamar vibrerande handverktøy, er utsette for gassar og dampar, og har utfordringar knytt til tunge løft og løft i framoverbøygd posisjon.

I kvinnedominerte yrke (t.d. lege-/tannlegesekretær, sjukepleiar, pleie- og omsorgsarbeidar, reingjeringspersonell) er ein utsett for fleire av dei nemnde faktorane, men har i tillegg særlege utfordringar knytt til psykososiale og organisatoriske aspekt ved arbeidet.

Nasjonal overvåking av arbeidsmiljø / NOA

  • NOA systematiserer, produserer og formidler kunnskap om arbeidsmiljø og -helse. Dette bidrar til å styrke den forebyggende innsatsen mot arbeidsrelaterte skader, sykdom, tidlig død og mot frafall gjennom sykefravær og uføretrygding.

Andre artikler knyttet til Deltakelse i arbeidslivet og Arbeidsmiljøfakta

  • Les årets nummer av magasinet Arbeid og helse

    Årets utgave er tematisert omkring definisjonen om at arbeidsmiljø handler om arbeidet, med dypdykk i bakgrunnen for hvorfor det er slik og med gode eksempler fra ulike virksomheter som jobber kunnskapsbasert og forebyggende med arbeidsmiljø.

  • Hør podkast-episoden: Hvordan skape et godt arbeidsmiljø?

    STAMI-direktør Pål Molander og arbeids-og sosialminister Anniken Hauglie ble samlet i studio til podkasten "På jobben" for dele sine meninger om hva man må fokusere på for å skape arbeidsmiljø som gjør at ansatte føler jobbengasjement, holder seg friske og er produktive på jobb.

  • Nytt arbeidsmiljøverktøy lansert for petroleumssektoren

    Nylig lanserte Petroleumstilsynet (PTIL) et bransjerelevant arbeidsmiljøverktøy for petroleumssektoren som belyser status og utviklingstrekk innen arbeidsmiljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten. Verktøyet har kommet til etter godt samarbeid mellom STAMI og PTIL.

  • Arbeidsmiljø på dagsorden

    Selv om vi er gode på arbeidsmiljø i Norge, er det fortsatt mulig å bli bedre. Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie setter arbeidsmiljø på dagsorden, og deler sine tanker om hva som må jobbes videre med.

  • Arbeidsmiljø og inkludering

    Arbeidsmiljø er en av de kritiske faktorene som er styrende for å kunne legge til rette for økt sysselsetting, slår STAMI-direktør fast i en lederartikkel.

  • Les vårt nyeste nummer av magasinet Arbeid og helse

    Vårt magasin Arbeid og Helse for 2018 er nå på vei til posthylla til mange av landets virksomheter og organisasjoner. I årets nummer ser vi spesielt på arbeidsmiljøbegrepet og betydningen av arbeidsmiljø i et fremtidsperspektiv - både for samfunnet, virksomheter og den enkelte arbeidstaker. Ønsker du å få magasinet gratis tilsendt i posten? Du kan bestille eller laste ned magasinet nedenfor.

Få nyhetsbrev
Lukk