Einsidig arbeid, tungt fysisk arbeid, arbeid i kneståande stilling og løft i ubehagelege stillingar er dei viktigaste faktorane i arbeidsmiljøet som kan forklare delar av utdanningsskilnadene i sjukefråværet.
Utdanningsskilnader i mekaniske arbeidsbelastingar og psykososiale faktorar på arbeidsplassen
Ein utdanningsgradient i sjukefråværet er rimeleg godt dokumentert, men det er berre i nokre få studiar at ein har undersøkt i kva grad denne gradienten let seg forklare av skilnader i arbeidsmiljøet.
Eksponering for ein rekke mekaniske (ergonomiske) arbeidsmiljøfaktorar som ein veit påverkar muskel- og skjelettplager og sjukefråvær, er gjennomgåande vanlegare i yrke der det ikkje vert stilt krav til høgare utdanning. I ein nyleg publisert studie basert på det same datamaterialet, fann vi ein vesentleg samanheng mellom sjølvrapportert mekanisk eksponering i jobben og auka risiko for høgt sjukefråvær.
Eit liknande mønster ser vi også for visse typar potensielt belastande psykososiale arbeidsforhold, m.a. lite varierte arbeidsoppgåver, og at ein i lita grad rår over sin eigen arbeidssituasjon. Biletet er likevel ikkje eintydig for alle typar psykososiale faktorar. Psykologiske jobbkrav er soleis ofte vanlegare i yrke med krav til høgare utdanning. Når det gjeld sosial støtte på jobben, er utdanningsskilnadene generelt mindre.
Mekaniske og psykososiale arbeidsmiljøfaktorar forklarer ein vesentleg del av utdanningsskilnadene i sjukefråværet
I ein nyleg publisert oppfølgingsstudie frå STAMI såg ein nærare på korleis psykososiale og mekaniske faktorar i arbeidssituasjonen påverkar utdanningsskilnadene i sjukefråværet i den generelle yrkesfolkesetnaden i Noreg. Ifølgje studien kan nærare 41–44 prosent av utdanningsskilnadene blant menn, og mellom 31–54 prosent av utdanningsskilnadene blant kvinner forklarast ut frå skilnader som er knytte til ei rekkje slike faktorar i arbeidsmiljøet.
– Totalt 9,4 prosent (635 personar) vart klassifiserte med eit høgt sjukefråvær (definert som 40 tapte dagsverk eller meir i løpet av eit år grunna legemeldt sjukdom).
– Resultata viste ein klar utdanningsgradient. Blant menn varierte risikoen for høgt sjukefråvær frå 12,4 prosent (grunnskuleutdanning) til 3,3 prosent (Universitets-/høgskuleutdanning på 4 år eller meir), og blant kvinner varierte risikoen frå 15,4 prosent (ungdomsskule eller lågare) til 4,6 prosent (Universitets-/høgskuleutdanning på 4 år eller meir).
– Psykososiale faktorar i arbeidsmiljøet var med på å forklare 21–33 prosent av utdanningsskilnadene blant menn og kvinner. Dei viktigaste faktorane blant både menn og kvinner var einsidig arbeid og dårleg høve til utvikling i jobben. Innverknaden av ulike psykososiale faktorar var på den andre sida ikkje eintydig. Lite sjølvråde i jobben og manglande leiarstøtte var med på å forklare delar av utdanningsskilnadene, medan krav i jobben og rollekonflikt hadde ein motsett effekt.
– Resultata for mekaniske arbeidsbelastingar var meir konsistente. Alle dei mekaniske faktorane var delvis med på å forklare kvifor sjukefråværet er høgare blant yrkesaktive med kortare utdanning. Eksponering for mekaniske faktorar forklarte 24–32 prosent av utdanningsskilnadene blant menn, og 18–43 % av utdanningsskilnadene blant kvinner. Arbeid på huk/kne, løft i ubehagelege stillingar og tungt fysisk arbeid var viktige faktorar blant både menn og kvinner. Blant kvinner var ståande arbeid den viktigaste faktoren.
Kva arbeidsmiljøet har å seie for arbeidsevne og sjukefråvær
Sjukefråvær er eit samansett fenomen som vert påverka av mange faktorar. Sjukdom, skade og subjektive helseplager påverkar openbert arbeidsevna og høvet til å vere på jobb, men behovet for å vere borte frå jobb er i mange tilfelle også avhengig av arbeidsplassen, arbeidsoppgåvene og høvet til tilrettelegging. Også ei rekkje andre forhold knytt til enkeltindividet, arbeidsplassen og meir generelle samfunnstilhøve har innverknad på sjukefråværet.
Det er dokumentert i forskingslitteraturen at mekaniske (ergonomiske) og psykososiale faktorar spelar ei rolle for både kroppslege og mentale helseplager som i sin tur kan føre til redusert arbeidsevne og sjukefråvær.
Å ha eit helseproblem er likevel ikkje det same som manglande arbeidsevne. Korleis arbeidsevna vert påverka av eit helseproblem avheng av ei rekkje arbeidsfaktorar. Vi må difor skilje mellom arbeidsfaktorar eller -tilhøve som valdar sjukdom (arbeidsrelaterte helseproblem), og arbeidstilhøve som medfører at ein gjeven sjukdom eller ei gjeven helseplage gjer det umogleg å utføre jobben, og dermed fører til fråvær frå jobben (helserelaterte arbeidsproblem).
Ei mogleg forklaring på den tydelege samanhengen vi ser mellom arbeidsmiljøeksponering og utdanningsskilnader i sjukefråværet er at yrkesaktive med kortare utdanning får jobbar som medfører større belasting og dermed auka risiko for plager og sjukdom. Desse personane blir soleis oftare sjukmelde, og vi går ut frå at det er arbeidseksponering som er årsak til plagene.
Samstundes kan det også vere slik at konsekvensen av plager og sjukdom (dvs. kor vidt ein har eit høgt sjukefråvær eller ikkje) er avhengig av kva slags jobb ein har, og kva slags arbeidsoppgåver ein utfører. Vedvarande ryggsmerter (uansett årsak) vil til dømes vere vanskeleg å sameine med ein jobb som inneber mykje kneståande arbeid og ubehagelege løft, medan ein kanskje fint kan fungere på ein kontorarbeidsplass med gode høve til tilpassing.