Hjem Kurs og seminar Webinar: Arbeidsmiljø i varehandel

Webinar: Arbeidsmiljø i varehandel

Kva seier forsking om arbeidsmiljøet til tilsette i varehandelen?

Webinaret er ferdig

På dette webinaret kan du lære meir om kva forskinga seier om arbeidsmiljøet til tilsette innan varehandel. Kva faktorar det er viktig å bli betre på, og korleis kan ein bruke verktøyet «En bra dag på jobb» til å skape eit godt arbeidsmiljø?

Prosjektleiar for «En bra dag på jobb», Elisabeth Goffeng går gjennom kunnskapen om arbeidsmiljøet til alle som jobbar innan varehandel, saman med Monika Moen, HR- og organisasjonsdirektør i Coop Nordland.

Kva er «En bra dag på jobb»?

Vi veit mykje om arbeidsmiljø i Norge, men råda for å utvikle arbeidsmiljøet er ofte generelle og lite treffsikre. Vi veit at det er store skilnader mellom bransjar og yrker når det gjeld typiske utfordringar i arbeidsmiljøet.

Derfor har Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) spesialtilpassa verktøyet «En bra dag på jobb» for alle som jobbar innan varehandel. Verktøyet bygger på forsking og er utvikla gjennom dialog med leiarar, tillitsvalde og tilsette i bransjen.

Konseptet er enkelt og tar utgangspunkt i ei nettside med korte filmar om spesifikke arbeidsmiljøutfordringar i dei enkelte bransjane. Filmane viser situasjonar på arbeidsplassen og bygger på forsking og statistikk, samt erfaringar frå tilsette i bransjane.

Her kan du lese meir om «En bra dag på jobb»

Få nyhetsbrev
Lukk