Kurs og undervisning

Frukostseminar 5. september: Kan psykologiske arbeidsforhold påverke risiko for uførheit?

På frukostseminaret får du vite meir om enkeltfaktorar som kan påverke arbeidsevna og risiko for uførheit i positiv eller negativ retning.

Tidlegare forsking på uførheit har i liten grad undersøkt spesifikke jobbfaktorar kvar for seg. Ofte har ein heller undersøkt negative konsekvensar av «jobbstress» – eit samlebegrep som omfattar til dels svært ulike arbeidsforhold som det kan vere vanskeleg å gjere noko med.

I ein fersk doktorgrad frå STAMI undersøkte ein ulike enkeltfaktorar som kan påverke arbeidsevna og risiko for uførheit på kort og lang sikt. Antakeleg vil tiltak retta mot klart avgrensa og spesifikke arbeidsmiljøfaktorar vise seg meir effektive for å fremme tilsette si helse og evne til å stå i jobb, enn forsøk på å redusere «stress på jobben» generelt.

Dei to faktorane som tydelegast peikte seg ut som mest avgjerande for arbeidsevna, var rollekonflikt og positive utfordringar på jobb. Rollekonflikt handlar om stadig å måtte velje mellom mål eller oppgåver i jobben som er motstridande. Slike hendingar viste tydeleg å auke risikoen for seinare uførheit. Positive utfordringar i arbeidet og eit støttande og godt arbeidsklima i «team» viste seg gunstig for arbeidsevna, og for å unngå sviktande deltaking i arbeidslivet.

 

Frokostseminaret vert filma og kan sjåast direkte på stami.no frå klokka 09.00

Opptak vert lagt ut etter seminaret på stami.no sine film og opptak-sider.

Frå kl. 08.30 vert det enkel servering og kaffe/te. Seminaret er gratis, men på grunn av servering treng vi at du melder deg på.

Kursinformasjon

  • Når:
    5. september 2019
  • Varighet:
    Frå kl. 09.00 til kl. ca. 10.30
  • Sted:
    STAMI, Gydas vei 8, Majorstuen i Oslo
  • Påmeldingsfrist:
    2. september 2019
  • Kursavgift:
    Gratis
  • Maks antall deltakere:
    80
  • Målgruppe:
    Målgruppa for seminaret er tilsette i BHT, HR-personell, personar med leiaransvar, verneombod og andre med interesse for temaet.

Påmelding til frukostseminar 5. september

Få nyhetsbrev
Lukk