Hjem Nyheter Kor alvorleg er risikoen for at gravide v[...]

Kor alvorleg er risikoen for at gravide vert smitta av barnesjukdomar på jobben?

Den femte barnesjukdom skuldast virussmitte, og er som regel mild og uskuldig. Nysmitte under første halvdel av graviditeten kan likevel vere alvorleg for fosteret. Dette kan vere eit problem spesielt for gravide arbeidstakarar i barnehagar og skular.

Denne artikkelen er nokre år gammal, kontakt gjerne STAMIs rådgivningsteneste for gravide i arbeid for oppdatert informasjon.

Gravide arbeidstakarar i helsesektoren, barnehagar og skular kan ha auka risiko for smitte av barnesjukdomar. Nysmitte av gravide (utan immunitet) kan skape problem for svangerskapet og fosteret. I føresegna frå Arbeidstilsynet om utføring av arbeid blir det nemnt spesielt fire virus som er årsak til barnesjukdomar: Rubellavirus (raude hundar), parvovirus B19 (den femte barnesjukdom, erythema infectiosum), varicella zoster virus (vasskoppar) og morbilli (meslingar).

Raude hundar er den sjukdomen som kan få mest alvorlege konsekvensar, men er særs sjeldan eit problem, ettersom nesten alle gravide har immunitet. Den femte barnesjukdom utgjer det største praktiske arbeidsmiljøproblemet, og blir difor omtala nærare. Helseaspekta vert skildra meir detaljert i smittevernboka frå Folkehelseinstituttet.

Den femte barnesjukdom

Dette er ein relativt vanleg virussjukdom som opptrer i epidemiar år om anna (spesielt vinter og vår). Barn i førskulealder (3–5 år) er ekstra utsette. Smitte vert overført ved nærkontakt frå person til person, og smitterisikoen vil difor variere. Ved rimeleg nær kontakt med ein som er smitta, kan ein likevel rekne med ein risiko på 30–50 prosent. Det er ganske vanleg at infeksjonen utviklar seg utan symptom og plager.

Dei fleste veit difor ikkje om dei har hatt denne sjukdommen eller ikkje. Om lag 40 prosent av alle vaksne har ikkje immunitet. Sjukdommen slår ut etter 4–21 dagar, først med lettare allmennsymptom og deretter (ofte etter fleire dagar) med utslett som gjer at diagnosen kan stillast. Smitterisikoen er særleg stor før utslettet kjem.

Immunitet for sjukdommen og eventuell nysmitte kan avklarast ved hjelp av blodprøve. Det finst per i dag inga vaksine mot den femte barnesjukdom.

Smitte av parvovirus 19B i svangerskapet

Smitte som er ufarleg for born og vaksne som elles er friske, kan få alvorlege konsekvensar for gravide i første halvdel av svangerskapet. Smitte seinare i svangerskapet inneber liten overrisiko. I om lag 30 prosent av tilfella vert nysmitte av mor overført til fosteret.

Omtrent 10 prosent av smittetilfella endar med fosterdød eller abort. I tillegg vil risikoen for alvorleg anemi (hydrops føtalis) hos fosteret liggje på nokre få prosent. Anemien kan ende fatalt eller bli lækja spontant, og kan også behandlast medisinsk når diagnosen er stilt. Ein rask og sikker diagnose er difor viktig.

Kor alvorleg er problemet for gravide barnehagetilsette?

Undersøkingar blant folkesetnaden viser at graviditet hos barnehagetilsette i det store og heile ikkje skil seg negativt ut i forhold til andre grupper. Barnehagetilsette er spesielt utsette for smitte av parvovirus 19B, og vil difor også ha ein liten overrisiko for fosterdød eller abort.

Utrekningar viser likevel at det sjølv under epidemiar berre er nokre få prosent av tilfella med fosterdød som kan tilskrivast parvovirus. Forklaringa er at bakgrunnsførekomsten av abort er så vidt vanleg, og overskuggar det som skuldast smitte. Samla kan ein soleis gå ut frå at det er ein overrisiko for smitte og fosterskade på grunn av dette, men at konsekvensane ikkje vil vege tungt i forhold til skadar som skuldast andre årsaker.

Praktiske tiltak for eit trygt arbeidsmiljø

I føresegna frå Arbeidstilsynet om utføring av arbeid skildrar ein tiltak for gravide i arbeidslivet ved virussjukdomar. Fleire av tiltaka krev involvering av helsevesenet, og vil kunne gjennomførast på ein betre og tryggare måte dersom bedriftshelsetenesta vert kopla inn.

Tiltak for å unngå skadeverknader for gravide tilsette under epidemiar har visse avgrensingar: Smittefaren vil vere mykje høgare før ein erkjenner at det er ein epidemi, og i utgangspunktet veit dei fleste tilsette heller ikkje om dei har immunitet eller ikkje. Dette tilseier at tiltak før epidemien kjem er avgjerande for eit trygt arbeidsmiljø.

Ein vil kunne gjennomføre arbeidsmiljøtiltak meir effektivt dersom dei tilsette informerer arbeidsgjevaren om graviditet så tidleg som råd. Det er soleis viktig at arbeidsgjevaren legg til rette for dette, og at tilsette ikkje oppfattar ei slik oppmoding som utilbørleg.

Få nyhetsbrev
Lukk