Nyhet

Inneluft og sopp – kva og kor mykje er eigentleg farlig?

Det er allment akseptert at sopp kan vere ein viktig årsaksfaktor i dei mange rapporterte helseproblema som er knytte til fuktproblematikk i inneluft. Derimot er det framleis uklart korleis og kva deler av muggsoppen som kan knytast til dei ulike helseeffektane.

I nyare gjennomgangar av den vitskapelege litteraturen har ein konkludert med at det finst ein klar samanheng mellom fukt i bygningar og inneklimaplager, luftvegsplager og astma.

– Fukt er ein føresetnad for at sopp kan vekse, og i bygningar med fuktproblem er det ofte lett å observere soppvekst. Denne samvariasjonen gjer at det framleis ikkje er heilt klart kor vidt det er sopp i seg sjølv, eller andre faktorar som er hovudårsaka til alle inneklimaplagene, seier forskingssjef Wijnand Eduard frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).

Talet på luftborne soppsporar har ofte vore for lågt til at ein kan konkludere med ein klar samanheng med andre helseplager enn allergi. Det er klare samanhengar mellom helseplager som mellom anna influensaliknande anfall med tørrhoste, hovudverk og feber, frysningar, leddsmerter og tung pust, allergisk alveolitt (ein tilstand som minner om lungebetennelse) og kronisk bronkitt, og soppsporar i arbeidsmiljøet til bønder og sagbruksarbeidarar (m.a. kompostar og kornsiloar). Men nivået av soppsporar er her 100– 1000 gongar høgare enn i eit vanleg innemiljø.

Kva i soppen kan vere farleg i lufta innandørs?
I nylege laboratoriestudiar har ein vore meir merksam på mindre soppfragment (særleg hyfar) som potensielle årsaker til helseplager knytt til inneluft. Hyfane er dei vegetative soppcellene som dannar forgreina nettverk (mycel), og heng saman i ein tråd på rekkje og rad. Desse hyfane utgjer hovuddelen i biomassen til soppen.

Eksperimentelle studiar tyder på at dei betennelsesgjevande eigenskapane i soppsporane vert modulerte av overlevingsevna deira, som viser meir allergiske responsar på levande sporar og ikkje-allergiske responsar på ikkje-levende sporar.

I og med at det ikkje finst nokon metode for å måle soppfragment, veit ein stort sett lite om helserisikoen dei medfører. Dette gjer at dei eventuelle helseeffektane av soppfragment og -partiklar framleis er uklare.

Ny forsking for meir innsikt i samanhengen med helseeffektar
STAMI har sett i gong eit forskingsprosjekt der målsetjinga nettopp er å utvikle metodar for å måle hyfar og hyfefragment. I samarbeid med Folkehelseinstituttet, Veterinærinstituttet og Universitetet i Tromsø undersøkjer ein dei toksiske og betennelsesgjevande eigenskapane til døde og levande sporar og hyfefragment.

– I dette prosjektet kjem vi i hovudsak til å nytte reine soppkulturar som er assosierte med fuktskadar i bygg, seier forskingssjef Wijnand Eduard vidare. Gjennom ei slik metodeutvikling kan forskarane vurdere kva nivå som finst av desse elementa i lufta innandørs. Eit døme kan vere å sjå på mengda i vanleg inneluft i forhold til innelufta i bygningar med fuktskadar, og deretter relatere dette til mekanismar for korleis dette kan tenkjast å føre til betennelsesreaksjonar.

Resultata er venta å kunne gi ny innsikt i rolla som soppvekst i innandørsmiljø spelar for lungehelsa. I tillegg vil metodeutviklinga kunne gi nye metodar for eksponeringsvurdering som kan nyttast i framtidige epidemiologiske studiar.

Andre artikler knyttet til Fysisk arbeidsmiljø

  • Veiledning for måling av stillesittende arbeid vinner prestisjefylt pris

    Langvarig stillesittende arbeid kan være skadelig for helsen din, men hvordan kan en måle slikt arbeid konsistent og korrekt for å ha kunnskap nok til å kunne forebygge helseplager? En gruppe med forskere fra flere europeiske arbeidsmiljøinstitutt har utviklet en veiledning for å håndtere slike spørsmål.

  • Tunge tak i fremtiden?

    Rå muskelkraft eller roboter? Tunge tak er fortsatt en del av hverdagen på mange arbeidsplasser. Vil teknologien gjøre det lettere for folk i framtiden? Og hvordan definerer man egentlig fysisk tungt arbeid?

  • Arbeid med vibrerende verktøy kan påvirke hendene

    Rundt fem prosent av norske mannlige arbeidstakere arbeider med vibrerende verktøy. Slikt arbeid kan øke risikoen for å utvikle hånd-arm vibrasjonssyndrom (HAVS), et syndrom som kan omfatte både nevrologiske plager, skader på blodårer og muskel-/skjelettplager.

  • STAMI-TV: Nevropsykologisk forskning og arbeidsmiljø

    På dette frokostseminaret ser vi særlig på endringer i nevropsykologiske funksjoner på grunn av eksponeringer for vibrasjoner ved arbeid i manuelle yrker. Vi vil også se noe hvordan alderseffekter hos arbeidstakeren som kan påvirke arbeidet. Foredragsholder er forskningssjef Rita Bast Pettersen ved avdeling for arbeidsmedisin og epidemiologi, STAMI.

  • Hvordan måle tremor (skjelving) hos arbeidstakere?

    Mange yrkesgrupper er utsatt for eksponeringer som man mistenker kan gi økt tremor/skjelving. Derfor inngår måling av tremor i mange studier av arbeidstakere med fysiske eller kjemiske eksponeringer. I en ny studie utført av forskere ved Sahlgrenska sykehus og Universitetet i Göteborg i samarbeid med Statens Arbeidsmiljøinstitutt, undersøkte man tremor i en gruppe eldre sveisere, for å vurdere ulike målemetoder.

  • Ny STAMI-rapport: Eksponering i norske sagbruk

    Norsk sagbruksindustri omfatter over 200 sagbruk spredt over hele Norge, og sysselsetter ca. 5000 ansatte. STAMI er i gang med å undersøke om dagens eksponering i norske sagbruk har uheldige effekter på luftveiene og induserer luftveisinflammasjon. En bred eksponeringskarakterisering er nå gjennomført, og resultatene samlet i en STAMI-rapport.