Hjem Nyheter Innaskjærs yrkesdykking under kontrollert[..]

Innaskjærs yrkesdykking under kontrollerte tilhøve påverkar ikkje hjernefunksjonane

I ein ny studie frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) vart yrkesdykkarar som dykkar til grunne djup, følgt over ein periode på 12 år. Dykkarane vart undersøkte med testar der ein måler hjernefunksjonar som hugs, konsentrasjon og reaksjonsevne.

Ein fann ingen effekt på hjernefunksjonane hos dykkarar som ikkje hadde hatt trykkfallsjuke. Dei som hadde hatt trykkfallsjuke, gjorde det derimot dårlegare på ein test av hugs, og hadde litt fleire symptom relatert til nervesystemet.

Dykking og skadar på nervesystemet
Dei fleste dykkarane oppnådde gode resultat, og hadde i relativt ung alder ingen teikn til skade på nervesystemet som kunne påvisast med nevropsykologiske testar. Dykkarane som hadde hatt trykkfallsjuke, presterte derimot svakare på ein test av hugs, og hadde litt fleire symptom relatert til nervesystemet.

Ein fann også at dersom ein i starten av dykkarkarrieren gjorde det bra på ein test som måtte løysast utan hjelp av synet, var det større sjanse for at ein arbeidde som profesjonell dykkar tolv år seinare.

Dykking medfører ein auka risiko for skadar, der trykkfallsjuke (også kalla dykkarsjuke, eller Decompression Illness, DCI) er den vanlegaste tilstanden. Dykkarar som stig for fort opp etter eit djupt eller langvarig dykk, risikerer trykkfallsjuke. Det vil seie at det vert danna gassbobler i blodet og i vevsvæskene under oppstiging.

Yrkesdykking til grunne djup
Yrkesdykkarar arbeider til dømes med anleggs- og inspeksjonsarbeid av bruer, kaier, rørleidningar og andre installasjonar under vatn. Andre arbeidsområde kan vere tilsyn og vedlikehald av oppdrettsanlegg, berging ved skipsforlis, undervassfotografering og redningsarbeid.

Desse dykkarane gjer eit særs viktig arbeid. Sjølv om føresegnene tillet yrkesdykking ned til 50 meter, gjer yrkesdykkarane som regel dykk ned til maks. 10–20 meter. Ofte dreier det seg om mange kortvarige dykk (sokalla bounce diving) der ein vanlegvis brukar luft som pustegass.

Tidlegare studiar
Det har vore gjort mange studiar av mettingsdykkarar. Dette er dykkarar som er under trykk så lenge at det oppstår ein jamvekt mellom omgjevnadstrykket og trykket i kroppen, slik som blant Nordsjø-dykkarane. Ein har i fleire studiar funne effektar på nervesystemet relatert til mettingsdykking. Det har derimot vore mindre merksemd rundt og gjort mindre forsking på yrkesdykkarar som arbeider på grunne djup. Uavklarte spørsmål kring denne forma for dykking har vore om dykking til grunne djup, utan metting, kan vere skadeleg for nervesystemet. Eit anna uavklart spørsmål er om det å arbeide under trykk, altså dykking i seg sjølv, uansett kan påverke nervesystemet.

I den vitskapelege studien som kjem på dette feltet, vart det ikkje funne nokon effekt av dykking hos som ikkje har hatt trykkfallsjuke. Men vi finn altså effektar hos dei som har hatt trykkfallsjuke.

Originalartikkel

Få nyhetsbrev
Lukk