Mange tidlegare undersøkingar har vist at psykologiske og sosiale tilhøve på jobben spelar ei rolle for utvikling av hjarte-karsjukdom. I dei fleste studiane har ein undersøkt korleis høge krav og låg kontroll over arbeidssituasjonen spelar inn.
Ei stor europeisk forskargruppe har no gjennomført ein metaanalyse av ei rekkje tidlegare undersøkingar. Dette vil seie at dei har slått saman data frå mange undersøkingar i ei rekkje land, og rekna ut kor mykje høge krav og låg kontroll har å seie. Studien omfattar 197 473 personar frå sju land, og resultata er offentleggjorde i tidsskriftet The Lancet. Norske arbeidstakarar er ikkje undersøkte.
Høgare risiko for hjarte-karsjukdomar
Studien viser at arbeidstakarar som både opplever høge psykologiske krav (t.d. tidspress og stor arbeidsmengde) og låg kontroll (t.d. liten innverknad på avgjerder om arbeidet, og få moglegheiter til å lære nye ting) i arbeidet sitt, har 23 prosent større risiko enn andre arbeidstakarar for å få hjarte-karsjukdom.
Forskarane registrerte i alt 2358 tilfelle av hjarte-karsjukdom i løpet av dei i gjennomsnitt 7,5 åra deltakarane vart følgde opp gjennom ulike undersøkingar.
Samanhengen mellom arbeidsmiljø og hjarte-karsjukdom var også tydeleg når resultata vart korrigerte for kjønn, alder, region og sosioøkonomisk status i tillegg til livsstilsfaktorar som røyking, alkoholbruk og trening.
Høge krav – låg kontroll
– Etter at Robert Karasek la fram ein hypotese om at kombinasjonen av høge krav og låg kontroll kan skade helsa over tid, har det vore gjort ei rekkje undersøkingar av denne kombinasjonen. Karasek kalla det «job strain», fortel Stein Knardahl, avdelingsdirektør ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).
Han understrekar at dei fleste av undersøkingane har vist at høge krav kombinert med låg kontroll aukar risikoen for å utvikle sjukdom i arteriane i hjartet (kransearteriesjukdom), som i sin tur leier til angina pectoris («hjartekrampe»), hjarteinfarkt eller plutseleg hjartedød. Men det er òg publisert studiar der ein ikkje har funne nokon samanheng mellom «job strain» og hjartesjukdom.
– Éi forklaring på dei motstridande funna kan vere at spørjeskjemainstrumenta som har vore nytta for å måle krav og kontroll, ikkje alltid har vore gode nok eller relevante for yrkesgruppa ein har undersøkt. Dessutan kan enkelte jobbar ha så låge krav eller høg kontroll at ingen er i faresona, seier Knardahl.
Signifikant samanheng
Ifølgje det Nationale forskingscenter for arbejdsmiljø i Danmark viser analysane i den nye, europeiske studien ein liten, men signifikant samanheng mellom arbeidsmiljø og risiko for hjarte-karsjukdom. Dette tyder på at forbetringar av det psykososiale arbeidsmiljøet kan redusere talet på tilfelle av hjarte-karsjukdom i folkesetnaden. Effekten vil likevel ikkje vere like stor som den ein kan få ved å førebyggje dei tradisjonelle risikofaktorane (t.d. røyking og overvekt).
– I den nye studien vert høge krav og låg kontroll konstatert som risikofaktor på tvers av yrke og kulturar. Det er viktig at ein no kan slå fast dette. På den andre sida seier det lite om kor vidt risiko kan avhenge av type jobb eller kultur, utdjupar avdelingsdirektør Stein Knardahl ved STAMI.