Kvart år døyr det arbeidstakarar på norske bygge- og anleggsplassar. Rundt 100 får varige mein som følgje av skade, og ca. 8 000 har skaderelatert fråvær.
Representantar frå bygg- og anleggsnæringa, rådgjevande ingeniørar, arkitektar, BNL, Fellesforbundet, Norsk Arbeidsmandsforbund og arbeids- og sosialminister Robert Erikssen underteikna før sommaren eit HMS-charter med ein nullvisjon for skadar og ulukker i bygg- og anleggsnæringa.
– Det handlar om å bry seg om kvarandre på arbeidsplassen. Partane i arbeidslivet har ei ambisiøs målsetjing, men vi må setje oss krevjande mål for å lukkast. Dette er eit godt døme på treparts bransjesamarbeid der vi kan oppnå gode resultat i fellesskap, sa statsråden.
Arbeidstilsynet og Statens Arbeidsmiljøinstitutt vil utarbeide ein årleg rapport over skadar og yrkesrelatert sjukdom i bygg- og anleggsnæringa. Rapporten skal brukast til å identifisere problemområde, og måle forbetring over tid.