Hjem Nyheter Gravide i arbeid på laboratorium – utgjer[...]

Gravide i arbeid på laboratorium – utgjer kjemisk arbeidsmiljø ein risiko?

Laboratoriet er ein arbeidsplass med potensielle arbeidsmiljøutfordringar, særleg knytt til bruken av kjemikaliar. Desse utfordringane vert ofte sette på spissen når ein laboratorietilsett blir gravid. Korleis kan ein tilretteleggje arbeidet slik at det blir trygt ikkje berre for den gravide, men også for fosteret?

Denne artikkelen er nokre år gammal, kontakt gjerne STAMIs rådgivningsteneste for gravide i arbeid for oppdatert informasjon.

I laboratoriearbeid nyttar ein mange problemkjemikaliar, inkludert stoff som er fasa ut av industrien. Det vert brukt nye kjemikaliar med mangelfull toksikologisk dokumentasjon, og i ein del laboratorium handsamar ein også radionuklidar og biologiske agensar.

Skadeverknader av kjemikaliar

Vi veit at kjemiske agensar med potensiell skadeleg verknad under graviditet er vanlege på laboratoriet. Dette gjeld stoff som ut frå toksikologisk (i nokre få tilfelle også epidemiologisk) dokumentasjon er klassifiserte som kreftframkallande (C), mutagene (M) eller reproduksjonsskadelege (R) – sokalla CMR-stoff.

Spesielt på forskingslaboratorium vert det brukt nye og eksperimentelle kjemiske stoff der den toksikologiske dokumentasjonen kan vere mangelfull. I nokre tilfelle gjeld det stoff som verkar i interaksjon med arvematerialet, og der det er god grunn til å mistenkje at eksponering kan utgjere ein risiko i graviditeten.

Utfall av graviditet hos laboratoriearbeidarar har blitt studert i forholdsvis mange undersøkingar blant folkesetnaden. Desse epidemiologiske studiane er av varierande kvalitet, og gjev ikkje noko eintydig svar på korleis vi bør stille oss til risiko under graviditet. Det er publisert fleire studiar frå dei nordiske nabolanda våre, og desse gjev eit samla bilete som ikkje tyder på nokon klar overrisiko i yrkesgruppa som heilskap. Derimot er det påvist enkeltutfall med auka risiko.

Er det mogleg å tilretteleggje laboratoriearbeidet for den gravide?

Arbeidsmiljøutfordringane på laboratoriet kan vere store for den gravide. Men utgangspunktet er også gunstig, ettersom dette er arbeidsplassar der leiinga og dei tilsette ofte har eit høgt kunnskapsnivå om helserisiko.

Erfaringane tilseier at ei god tilrettelegging ofte er mogleg, men at det krev detaljert, konkret og nøye kartlegging og risikovurdering. Risikovurderinga skal som alltid elles gjennomførast med følgjande to hovudelement: Identifisering av agens med kartlegging av toksisk potensial, og vurdering av eksponeringsdose.

Det er fleire grunnar til at det er vanskeleg å gjere risikovurderingar av arbeidsmiljøet til gravide:

  • Som nemnt er kunnskapen gjennom epidemiologiske studiar mangelfull.
  • Nokre moglege skadeutfall vil kunne skuldast påverknader tidleg i svangerskapet, også før kvinna veit at ho er gravid.
  • Tidspunktet for risikovurdering kjem difor ofte seint, og dersom det er ein reell risiko, kan skaden allereie ha skjedd.
  • Reproduksjonshistoria til den gravide tilseier i enkelte tilfelle at det bør takast individuelle omsyn.
  • Det er tendensar til å leggje inn ein stor porsjon av føre-var-tenking ved risikovurdering av arbeidsmiljøet til gravide, men det er vanskeleg å seie kvar grensa skal gå.

Kva kan den gravide gjere?

Det kan vere nyttig for den gravide å få vite kva andre tilsette gjorde under sin graviditet, og korleis dei vart behandla av bedrifta. Sjekk difor med verneombod, kollegaar, bedriftshelseteneste eller leiar. Finn også ut om det er nedfelt skriftlege rutinar eller policyar i til dømes ei HMS-handbok.

Behova for tilrettelegging eller endringar i arbeidet bør ideelt sett klarleggast i samråd mellom næraste leiar og den gravide. I enkelte tilfelle kan det vere nyttig å ha med bedriftshelsepersonell i denne samtalen.

Kva kan arbeidsgjevar gjere?

Krava i Arbeidsmiljølova om eit trygt og sikkert arbeidsmiljø gjeld også det ufødde livet. Det er viktig å vere klar over styringsretten til arbeidsgjevaren. Både arbeidsgjevar og arbeidstakar har plikter og rettar, men det er i siste instans arbeidsgjevar som avgjer kva arbeidsoppgåver ein tilsett kan halde fram med under graviditeten.

Laboratoriet er ein type arbeidsplass der det ofte vil vere behov for å nedfelle rutinar for arbeidet til gravide i det systematiske HMS-arbeidet. Desse rutinane bør ha ei innretning som viser klart at arbeidsgjevaren tek arbeidssituasjonen til gravide på alvor. Det er viktig å halde fast ved at arbeidsmiljøet til gravide ikkje skal vere ei privatsak for den enkelte gravide. Det organiserte apparatet for å handsame arbeidsmiljøspørsmål skal ta ansvar og brukast akkurat som i andre saker. Dette reiser spørsmålet om det er behov for å nedfelle ein «gravidpolitikk» i HMS-arbeidet.

Arbeidsgjevaren bør også setje krav til og nytte seg av kompetansen som bedriftshelsetenesta (og eventuelt HMS-avdelinga) har når det gjeld å kartleggje, risikovurdere og tilretteleggje arbeid under graviditet.

Få nyhetsbrev
Lukk