
Helsestyresmaktene sitt råd for å halde oss i god nok form er minst 150 minutt moderat til intensiv aktivitet i veka. Men rådet tar ikkje omsyn til om aktiviteten skjer gjennom jobben eller i fritida.
− Om ein er fysisk aktiv i fritida eller på jobb, kan påverke helsa ulikt. Dette kallar vi for fysisk aktivitet-paradokset, forklarer Suzanne Merkus, forskar ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).
− Mens fysisk aktivitet i fritida kan redusere risiko for hjarte- og karsjukdomar, har fysisk krevande arbeid ikkje samme helsevinst. I tillegg kan fysisk krevande arbeid auke risikoen for artrose og tidleg død blant menn, og påverke søvnkvaliteten, legg Merkus til.
Fysisk krevande jobbar kan auke førekomsten av muskelskjelettplager, og noko forsking tyder på at fysisk aktivitet kan vere førebyggande mot slike plager. Tidlegare studier har brukt ulike populasjonar når dei har studert effekten av aktivitet i fritida og på jobb, på muskelskjelettplager.
Studerte pulsen på jobb og i fritida
− Vi ønskte å finne ut om fysisk aktivitet-paradokset også gjeld for muskelskjelettplager, særleg i same populasjon, for det har blitt gjort lite forskning på, forklarer forskaren.
Gjennom fleire døgn vart pulsen til 72 tilsette i bygg- og anleggsbransjen og i pleie- og omsorgssektoren målt. Slik kunne forskarane studere pulsen til dei tilsette på jobb og i fritida. Dei same arbeidstakarane svarte også i kva grad dei var plaga av smerter i ni ulike kroppsdelar.
− Generelt tyder studien på at fysisk aktivitet på jobb kunne bidra til auka smerte i løpet av to år, mens fysisk aktivitet i fritida kunne bidra til å redusere smerte. Resultata peiker altså i retning av at fysisk aktivitet-paradokset som finst for ei rekke andre helseutfall, også gjeld for muskelskjelettplager, seier Merkus.
Derfor er det ikkje så enkelt som at ein held seg frisk fordi ein er fysisk aktiv på jobb.
Rask gange kan vere gunstig
Vidare viste studien at det var ein samanheng mellom kor mykje dei tilsette tok i på jobb og kor mange plager dei rapporterte. Jo mer dei tok i, desto verre og fleire vart plagene.
− Interessant nok såg vi ikkje at høg fysisk aktivitet i fritida førte til at færre plager vart rapportert. Dette kan tyde på at for gruppa som har fysisk krevande arbeid, er fysisk aktivitet med lavare intensitet på fritida eit betre vern mot plager enn fysisk aktivitet med høgare intensitet, forklarer Merkus og oppgir rask gange som et eksempel.
På den bakgrunnen vil råd om type og intensitet av fysisk aktivitet i fritida vere avhengig av type arbeid ein har.
Støttar tidlegare funn
Studien støttar altså tidlegare funn om at helseeffektar av fysisk aktivitet er avhengig av om ein er fysisk aktiv på jobb eller i fritida.
− Dermed er det ikkje så enkelt som at ein held seg frisk fordi ein er fysisk aktiv på jobb. Dette kan vere fordi type aktivitet og høve til å kvile og ta pausar er ulikt på jobb og i fritida, seier forskaren.
Fysisk tunge yrker kan gi mykje einsformig røyrsle, tunge løft og uheldige arbeidsstillingar i løpet av ein arbeidsdag, utan tilstrekkeleg tid til kvile og restitusjon. Fritidsaktivitetar derimot, er ofte kortare økter med trening, med nok tid til restitusjon.
− Alt i alt, kan resultata våre tyde på at rådet om mengde fysisk aktivitet burde skille mellom arbeid og fritidsaktivitetar, konkluderer Merkus.