Nyhet

Førebygging gir gevinstar både for verksemdene og samfunnet

Dei største helseutfordringane i Noreg både når det gjeld omfang og kostnader i form av redusert helse og produksjonstap er knytt til muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar. Kostnader til uføretrygd og sjukefråvær relatert til desse diagnosegruppene er estimert til nærare 88,6 mrd. kroner per år, eller oppimot 60 prosent av produksjonstapet.

Muskel- og skjelettplager og psykiske plager er utbreidde i yrkesfolkesetnaden. Nesten halvparten av alle som rapporterer om slike plager, oppgir at plagene heilt eller delvis skuldast jobben. Internasjonale og nyare norske studiar viser at både psykososiale og mekaniske faktorar i arbeidsmiljøet speler ei vesentleg rolle.

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) har i fleire vitskaplege publikasjonar rekna på kor stor del av helseplagene, sjukdomane og skadane i yrkespopulasjonen som kan tilskrivast ugunstige faktorar i arbeidsmiljøet. Sjølv om det alltid vil vere knytt usikkerheit til slike utrekningar, utgjer dei eit viktig grunnlag for å prioritere kva arbeidsfaktorar dei praktiske førebyggande tiltaka bør rettast mot.

Rolla som arbeidsplassen speler

Kartlegging av helseplager, sjukdom og skadar i yrkespopulasjonen som har dokumentert samanheng med ugunstige faktorar i arbeidsmiljøet, er eit helt sentralt tema i arbeidsmiljøovervakinga til Nasjonal overvåking av arbeidsmiljø- og helse (NOA) ved STAMI.

For å belyse dette spørsmålet har instituttet i fleire vitskaplege publikasjonar – basert på eit stort og representativt utval av alle sysselsette i Noreg – undersøkt kva arbeidsmiljøfaktorar som ser ut til å auke risikoen for å utvikle fysiske og psykiske helseplager over tid. Vi har også rekna ut det som med vitskaplege omgrep vert definert som tilskrivbar risiko i folkesetnaden. Med visse atterhald gir den tilskrivbare risikoen ein indikasjon på kor stor reduksjon i helseplager ein kan oppnå ved å fjerne éin eller fleire av desse arbeidsmiljøfaktorane heilt eller delvis.

Psykiske lidingar og muskel- og skjelettplager

Psykiske lidingar står for om lag tjue prosent av alle sjukefråværsdagane i løpet av eit år. Nasjonale tal viser at oppimot 15 prosent av alle sysselsette (i overkant av 380 000 personar) rapporterer å ha vore plaga av symptom på angst og/eller depresjon i løpet av ein månad. Arbeidsmiljøfaktorane vi ser medfører auka risiko for å utvikle slike symptom, er opplevd rollekonflikt, høge emosjonelle krav, liten innverknad på arbeidssituasjonen, mobbing/trakassering, og fare for å miste jobben. I om lag ¼ av tilfella kan plagene tilskrivast desse arbeidsmiljøfaktorane.

Omfang av psykososiale og organisatoriske eksponeringar i norsk arbeidsliv (NOA, SSB LKU 2013)

Korsrygg- og nakkesmerter bidrar til det største helsetapet i den norske folkesetnaden, og utgjer nesten 40 prosent av alle sjukefråværsdagane i løpet av eit år. Nasjonale tal viser at 55 prosent av alle sysselsette (om lag 1,4 millionar personar) rapporterer å ha vore plaga med smerter i nakke/skulder og/eller rygg i løpet av ein månad. I studiane våre anslår vi at oppimot 35 prosent og 23 prosent av tilfella med høvesvis korsrygg- og nakkesmerter kan tilskrivast summen av psykososiale og mekaniske arbeidsmiljøfaktorar som til dømes høge jobbkrav, lite sjølvråderett, lite støtte frå leiing, arbeid med bøygd nakke, løft i vonde stillingar, arbeid i kneståande stilling/på huk og ståande arbeid.

Omfang av mekaniske eksponeringar i norsk arbeidsliv (NOA, SSB LKU 2013)

Førebyggingspotensialet er stort

Krav til primærførebygging er nedfelt i arbeidsmiljølova, og inneber at alle verksemder skal jobbe systematisk for å sikre eit arbeidsmiljø som gir full tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader. I dei fleste verksemder er det dei tilsette som er den viktigaste produksjonsfaktoren, og utvikling av arbeidsinnhald og -miljø er også utvikling av produksjonen. Reknestykket tek utgangspunkt i tal frå det globale sjukdomsbyrdeprosjektet (WHO; Folkehelseinstituttet). Utrekningar som Helsedirektoratet har gjort, viser at totalkostnadene grunna sjukefråvær er på om lag 65 mrd. i året (2010-kroner). Den nasjonale sjukefråværsstatistikken viser at 10 prosent av alle sjukefråværsdagar skuldast rygglidingar. Med utgangspunkt i utrekningane våre (desse samsvarer med utrekningane som er gjort i regi av WHO) anslår vi at drygt ein tredel av alle tilfelle med korsryggsmerter kunne ha vore unngått dersom alle kjende risikofaktorar i arbeidsmiljøet hadde vore heilt eller delvis fjerna. Dersom vi går ut frå at førekomsten av sjukefråvær grunna rygglidingar vert redusert tilsvarande, vil dette utgjere ein årleg kostnad på nærare 2,3 mrd.

Faktakunnskap som grunnlag for førebyggende arbeid

Kunnskap om kva spesifikke arbeidsfaktorar som påverkar trivsel, helse, arbeidsevne og arbeidsdeltaking, gjer det mogleg å fastslå kva faktorar dei praktiske tiltaka bør rettast mot. Samstundes er det viktig at vi på nasjonalt nivå har god oversikt over kor utbreidde dei ulike arbeidsfaktorane er, korleis dei varierer over tid, og i kva yrke og næringar arbeidstakarane er mest utsette. Denne kunnskapen er eit viktig grunnlag for å utvikle praktisk og effektive tiltak med eit rimeleg kostnad-/nytteforhold.

Gjennom tilrettelegging og systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid på norske arbeidsplassar kan ein oppnå ein solid helsegevinst hos arbeidstakarane, og ein økonomisk gevinst på verksemd- og samfunnsnivå.

Når ein skal velje innsatsområde, må ein ta omsyn både til kor omfattande (kor mange som vert råka) og alvorleg (helsekonsekvensar) arbeidsmiljøutfordringa er, og kva ho har å seie for arbeidsmiljøtilhøva. Mange yrkesgrupper har utfordringar knytt til psykososiale og mekaniske arbeidsmiljøfaktorar, og desse er viktige når vi ser på omfang og samfunnsmessige kostnader i form av arbeidsrelatert sjukefråvær og arbeidsuførleik.

Andre artikler knyttet til Organisatoriske forhold og Arbeidsmiljøfakta

  • Hør podkast-episoden: Hvordan skape et godt arbeidsmiljø?

    STAMI-direktør Pål Molander og arbeids-og sosialminister Anniken Hauglie ble samlet i studio til podkasten "På jobben" for dele sine meninger om hva man må fokusere på for å skape arbeidsmiljø som gjør at ansatte føler jobbengasjement, holder seg friske og er produktive på jobb.

  • Nytt arbeidsmiljøverktøy lansert for petroleumssektoren

    Nylig lanserte Petroleumstilsynet (PTIL) et bransjerelevant arbeidsmiljøverktøy for petroleumssektoren som belyser status og utviklingstrekk innen arbeidsmiljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten. Verktøyet har kommet til etter godt samarbeid mellom STAMI og PTIL.

  • Arbeidsmiljø på dagsorden

    Selv om vi er gode på arbeidsmiljø i Norge, er det fortsatt mulig å bli bedre. Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie setter arbeidsmiljø på dagsorden, og deler sine tanker om hva som må jobbes videre med.

  • Arbeidsmiljø og inkludering

    Arbeidsmiljø er en av de kritiske faktorene som er styrende for å kunne legge til rette for økt sysselsetting, slår STAMI-direktør fast i en lederartikkel.

  • Les vårt nyeste nummer av magasinet Arbeid og helse

    Vårt magasin Arbeid og Helse for 2018 er nå på vei til posthylla til mange av landets virksomheter og organisasjoner. I årets nummer ser vi spesielt på arbeidsmiljøbegrepet og betydningen av arbeidsmiljø i et fremtidsperspektiv - både for samfunnet, virksomheter og den enkelte arbeidstaker. Ønsker du å få magasinet gratis tilsendt i posten? Du kan bestille eller laste ned magasinet nedenfor.

  • Arbeidsmiljøet i Norge er blant det beste i verden, men det er fortsatt mulig å gjøre det bedre

    I Norge har vi et rettferdig, inkluderende og effektivt arbeidsliv hvor ni av ti nordmenn trives på jobben, og vi ligger i den absolutte verdenstoppen både for jobbtrivsel og motivasjon. Samtidig finnes det et uforløst potensial i hvordan vi jobber med arbeidsmiljøet vårt. Et godt arbeidsmiljø vil få flere i arbeid, sørge for at flere står lenger i jobb, øke produktiviteten og løfte kvaliteten i arbeidet.

Få nyhetsbrev
Lukk