På dette webinaret snakkar Bo Veiersted om arbeidsrelaterte eksponeringar og muskel- og skjelettplager i eit førebyggingsperspektiv.
Vi veit ein del om sannsynlege årsakssamanhengar, men veit vi nok for å gjennomføre effektivt førebyggande arbeid? Korleis har vi tenkt gjennom historia og kva kan vi gjere framover for å effektivisere førebyggande tiltak?
Muskel- og skjelettplager står for omtrent 40 prosent av sjukefråværet i Noreg, det vil seie å vere sjukemeld på grunn av smerter i nakke, skuldrer, ryggen, armane eller beina.
Totalt oppgir 68 prosent av tilsette i Noreg at dei har slike plager, og heile 3 av 5 av desse oppgir at plagene er arbeidsrelaterte. Så førebyggingspotensialet er derfor stort. Men vi har ikkje klart i rimeleg grad å utnytte dette potensialet.
Årsakene til muskel- og skjelettplager er samansette, og både fysiske og psykososiale arbeidsmiljøfaktorar kan bidra til utvikling og forverring av slike plager. Faktorar som arbeidsstillingar, tunge løft, rollekonfliktar og leiing kan alle bidra til utvikling av plager.