Filmer

Kan psykologiske arbeidsforhold påverke risiko for uførheit?

I dette frukostseminaret får du vite meir om enkeltfaktorar som kan påverke arbeidsevna og risiko for uførheit i positiv eller negativ retning.

Tidlegare forsking på uførheit har i liten grad undersøkt spesifikke jobbfaktorar kvar for seg. Ofte har ein heller undersøkt negative konsekvensar av «jobbstress» – eit samlebegrep som omfattar til dels svært ulike arbeidsforhold som det kan vere vanskeleg å gjere noko med.

I ein fersk doktorgrad frå STAMI vart ulike enkeltfaktorar som kan påverke arbeidsevna og risiko for uførheit på kort og lang sikt undersøkt. Antakeleg vil tiltak retta mot klart avgrensa og spesifikke arbeidsmiljøfaktorar vise seg meir effektive for å fremme tilsette si helse og evne til å stå i jobb, enn forsøk på å redusere «stress på jobben» generelt.

Dei to faktorane som tydelegast peikte seg ut som mest avgjerande for arbeidsevna, var rollekonflikt og positive utfordringar på jobb. Rollekonflikt handlar om stadig å måtte velje mellom mål eller oppgåver i jobben som er motstridande. Slike hendingar viste tydeleg å auke risikoen for seinare uførheit. Positive utfordringar i arbeidet og eit støttande og godt arbeidsklima i «team» viste seg gunstig for arbeidsevna, og for å unngå sviktande deltaking i arbeidslivet.

Føredragshaldar er Jan Shahid Emberland.

Andre filmer fra samme kategori

Få nyhetsbrev
Lukk