Hjem Nyheter Fagevaluering av STAMI-forskinga

Fagevaluering av STAMI-forskinga

I fagevalueringa frå Forskingsrådet fekk Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) særs gode skotsmål, og vart skildra som internasjonalt leiande på fagfeltet arbeidshelse. Dette fagfeltet, med STAMI som førande aktør, blir også på overordna nivå teke fram som eit av dei sterkaste områda innanfor medisin, helsefag/psykologi og biologi i Noreg.

– Dette er ei evaluering vi er veldig godt nøgde med, seier direktør for Statens arbeidsmiljøinstitutt, Pål Molander.

Særs god rating
 – Dette har vore ein stor og omfattande gjennomgang der vi har blitt evaluerte og samanlikna med store og tunge forskingsmiljø på tvers av dei faglege nedslagsfelta. Å få særs gode tilbakemeldingar både på forskingsprofilen og forskingskvaliteten vår i ein slik samanheng er stimulerande og noko vi er veldig godt nøgde med og stolte av.

Trass i ei god evaluering må vi likevel erkjenne at det er mykje vi kan bli langt betre på. Vi kjem difor til å setje oss ned for å diskutere evalueringsrapportane framover, og freiste lære av dei, seier Molander vidare.

Spennande internasjonal evaluering
Ettersom STAMI er eit forskingsinstitutt med tungt nedslagsfelt innanfor fagområda biologi, medisin og helsefag (inklusive psykologi), vart det i 2011 gjort ei internasjonal vitskapeleg evaluering av STAMI i regi av Noregs forskingsråd (NFR). Evalueringa inkluderte store deler av forskings-Noreg.

NFR gjennomførte evalueringa ved hjelp av sju panel som var sette saman av internasjonale fagekspertar på sine felt. Panel 1: Botaniske, zoologiske og økologiske fag, Panel 2: Fysiologiske fag, Panel 3: Molekylærbiologiske fag, Panel 4a: Klinisk medisinske fag (utvalde disiplinar), Panel 4b: Klinisk medisinske fag (utvalde disiplinar), Panel 5: Samfunnsmedisin og helsefag, Panel 6: Psykologi og psykiatri

Instituttet vart evaluert av tre av desse panela: Occupational Health, Occupational toxicology og Psychosocial and organizational factors at work. Størstedelen av forskinga til instituttet vart evaluert av panelet for Occupational Health, og fekk karakteren «very good». Evalueringspanelet framheva spesielt forskinga som instituttet har gjort på samanhengen mellom eksponering og helseeffekt (inklusive mekanismestudiar).

– Resultata av evaluering var særs gledelege både for STAMI og arbeidshelsefeltet i Noreg, seier forskingssjef Helge Kjuus, som er avdelingsdirektør ved avdelinga for arbeidsmedisin og epidemiologi på STAMI. Han var ansvarleg for STAMI-fagpanelet for arbeidshelse.

– Dette stadfestar at vi har lukkast med å implementere STAMI sin strategiske forskingspolicy dei seinare år. Vi har også fått stadfesta verdien av den unike tverrfaglege kompetansen vi har på instituttet. Dette gjev oss frimot til å satse vidare på desse områda i framtida, seier Kjuus.

Evalueringspanelet oppmoda instituttet til å utvide samarbeidet med universiteta, og styrkje kompetansen innanfor statistikk og eksponeringsvurderingar.

Bakgrunn og formål

Forskingsrådet gjennomførte i 2011 ei fagevaluering av forskinga innanfor biologi, medisin og helsefag. Fagevalueringa omfatta UoH-sektoren, inklusive helseføretak, og instituttsektoren. Føremålet med evalueringa var å gjere ein kritisk gjennomgang av sterke og svake sider ved forskinga innanfor biologi, medisin og helsefag, inklusive psykologi i eit internasjonalt perspektiv.

Evalueringa har hatt hovudfokus på vitskapeleg kvalitet og relevans. Også tema som strategi og forskingsleiing, rekruttering og samarbeid er kartlagde og evaluerte. Evalueringa hadde dessutan som mål å identifisere forskingsområde ein må styrkje for å sikre at Noreg i framtida har naudsynt kompetanse på nasjonalt viktige område.

 

Få nyhetsbrev
Lukk