Nyhet

EXPO Online – verksemder sitt arkiv for luftmålingar

Data viser at 26 prosent av dei yrkesaktive i Noreg oppgir å vere utsett for støv, røyk, gass, damp, eksos eller kjemikaliar i arbeidet sitt. I 2017 vart EXPO Online, eit gratis register der verksemder enkelt og trygt kan lagre sine luftprøveresultat, oppretta. Samstundes får verksemder auka kjennskap til kva dei vert utsett for på jobben. For STAMI og Arbeidsmiljømyndigheitene bidreg registeret til å kunne oppdage nye trendar, som kan vise kor det trengs større forskingsinnsats og førebyggjande arbeid i framtida. Tilveksten av verksemder som tek i bruk systemet er jamt stigande.

mann i arbeid, utsatt for kjemisk eksponering

 

Vi veit at det er mange som potensielt kan vere utsett for kjemiske eksponeringar gjennom arbeidslufta. Data frå Nasjonal overvåking av arbeidsmiljø (NOA) viser at 26 prosent av dei yrkesaktive i Noreg oppgir å vere utsett for støv, røyk, gass, damp, eksos eller kjemikaliar i arbeidet sitt.

Kjemiske eksponeringar gjennom arbeid opphøyrer ikkje i framtidas arbeidsliv, men endrar nok karakter ettersom det stadig blir utvikla nye kjemikaliar, blant anna til bruk i materialutvikling og i ulike produksjonsprosessar. Desse krev òg registrering og måling. EXPO er det nasjonale registeret for eksponeringsmålingar utført i norsk arbeidsliv, oppretta for å gi auka kunnskap om kjemisk eksponering i arbeidslivet. Registeret skal fremje gode arbeidsforhold for arbeidstakaren gjennom kjennskap til samanhengar mellom kjemisk eksponering og helse

Enkel digital løysing

Våren 2017 vart EXPO Online lansert – og klar til bruk for alle verksemder. Her kan verksemdene lagre eksponeringsmålingar i ei sikker lagringsløysing og få betre oversikt over eigne eksponeringsmålingar. Noko av formålet med utviklinga av EXPO Online var å gjere det enkelt å lagre eksponeringsmålingane, slik at verksemdene sjølv kan følgje målingane over tid og dermed auke bevisstheita kring temaet. Erfaringane frå tilsynsverksemd viser tydeleg at sjølv ressurssterke industriaktørar ikkje har god nok kontroll på dette, og at det ikkje finst fullgode kommersielle løysingar som varetek dette behovet.

På nasjonalt nivå vil tilgang til eksponeringsdataa til bedrifter bidra til auka kunnskap om eksponering for kjemikaliar i yrke og bransjar i Noreg. Ein vil kunne sjå på utviklingstrendar og få indikasjonar på kor det vil vere behov for større forskingsinnsats og førebyggjande arbeid. Dette vil komme helsa og tryggleiken til den norske arbeidstakaren til gode på sikt. Meirverdien for STAMI og arbeidsmiljømyndigheitene i dette arbeidet er at ein sikrar seg aggregerte eksponeringsdata, som vil bidra til auka kunnskap og betre førebygging på verksemdsnivå.

Forankra, utprøvd og tilgjengeleg

EXPO Online gjer det lettare for verksemdene å registrere luftprøver. Systemet er utvikla i samarbeid mellom STAMI, Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet og partane i arbeidslivet. I utviklinga av systemet vart det lagt vekt på å teste systemet i fleire rundar av verksemder innanfor ulike næringar.

EXPO Online er eit gratis tilbod til norske verksemder og er eit godt verktøy for å ta vare på eigne eksponeringsdata. Vi på STAMI bidrar gjerne med rettleiing og råd i prosessen. Berre verksemda sjølv har tilgang til dataa sine, men STAMI kan utarbeide trendar ut frå innsamla materiale.

EXPO Online har sidan lanseringa i 2017 hatt eit spesielt bransjefokus på eksponering i bergindustri, betongelementindustri og bilbransjen (lakkering), og tilveksten av verksemder er jamt stigande. EXPO hadde i 2017 registrert i underkant av 600 000 måleresultat frå nærmare 100 000 prøver, og totalt har vi litt over 9400 verksemder inne i systemet.

 

(Teksten vart først publisert i 2017-årsrapporten til STAMI. Rapporten kan du laste ned eller bestille her ).

Kontakt

Meir om EXPO Online

  • Brukarveiledning, innlogging og anna info om EXPO Online.

Andre artikler knyttet til Partikler og kjemikalier - røyk, gass, støv

  • Nano- og ultrafine partikler i luft

    Partikulære forurensninger i luft er til stede i arbeid både uten- og innendørs. I de senere årene har menneskelig eksponering for nano- og ultrafine partikler og mulige negative helseeffekter av disse blitt viet stor oppmerksomhet.

  • Eksponering av asbest ved rivning og oppussing av hus

    Selv om asbest i byggematerialer har vært forbudt i over 30 år, regner man likevel med at over hundre personer i Norge årlig dør av kreft på grunn av asbesteksponering. Ved rivning og oppussing av hus er flere yrkesgrupper utsatt for asbest. STAMI er i nå gang med et prosjekt for å kartlegge denne eksponeringen.

  • Ny doktorgrad ved STAMI - Isocyansyre i arbeidsluft

    Isocyanater benyttes industrielt hovedsakelig til produksjon av polyuretaner. Isocyanater kan dannes ved termisk dekomponering av materialer som plast og maling av polyuretan samt gjennom varmt arbeid som sveising, sliping og flammekutting. Termisk dekomponering av polyuretaner kan resultere i dannelse av isocyanater, og operatører som utfører slikt arbeid på materialer belagt med eller inneholdende polyuretaner er utsatt for risiko for en slik eksponering.

  • Kvartseksponering øker risiko for slag

    Ny forskning viser at personer som er utsatt for kvarts i arbeidsmiljøet har økt risiko for slag i tidligere alder enn befolkningen for øvrig. Forskningen viser at det også er en økt dødelighet på grunn av slag etter eksponering for kvarts.

  • STAMI-TV: Rengjøringsmidler i sprayform - utfordring på flaske

    Hva vet vi om eksponering og helseeffekter fra rengjøringsmidlene som renholderne bruker? Hvilke sprayflasker genererer minst spraypartikler som kan inhaleres til lungene? Og hva gjør de som produserer renholdskjemikalier for å redusere renholderes luftbårne eksponering for rengjøringsmidler i sprayform? Se opptak av frokostseminar på STAMI 1. mars.

  • Kartlegging av arbeidsmiljøet til billakkerere

    STAMI har i samarbeid med Norges Bilbransjeforbund og Fellesforbundet startet en kartlegging med prøvetaking av arbeidsatmosfæren innenfor lakkering i bilbransjen. Kartleggingen vil gi kunnskap om dagens eksponeringsbilde innenfor billakkering og gir den enkelte bedrift bedre oversikt og kunnskap om eget arbeidsmiljø.