Nyhet

Eit godt arbeidsmiljø styrker produktiviteten

I ein rapport som Nordisk Ministerråd offentleggjorde nyleg, vert det presentert analysar som byggjer opp under teorien om at eit betre arbeidsmiljø og auka trivsel gjer verksemdene meir produktive og lønsame.

Undersøkinga er basert på data frå fire nordiske land, og er eitt av dei mest omfattande empiriske forskingsprosjekta som er gjennomført på fagfeltet arbeidsmiljø, trivsel og produktivitet. Ho viser ein samanheng som mange ynskjer å tru på, men som det hittil har vore vanskeleg å stadfeste. Rapporten er med på å avlive myten om at investeringar i arbeidsmiljøet går ut over botnlinja til verksemda.

Sterk samanheng mellom fysisk arbeidsmiljø og produktivitet
Prosjektet, som byggjer på nasjonale register- og surveydata, vart leia av det danske analysehuset DAMVAD og gjennomført i samarbeid med arbeidsmiljøforskarar frå Danmark, Sverige, Finland og Noreg (STAMI). Datamaterialet omfattar perioden 2000 til 2010, og resultata er basert på meir enn 20 000 observasjonar.

Analysane viser ein signifikant (ikkje-tilfeldig) positiv samanheng mellom eit godt fysisk arbeidsmiljø / medarbeidartrivsel og produktiviteten til verksemda. Resultata let seg reprodusere i ulike modellspesifikasjonar, og er gyldige for alle landa som deltok.

Vanskeleg å påvise samanheng mellom psykososialt arbeidsmiljø og produktivitet
Det har ikkje vore å mogleg å påvise ein samanheng mellom psykososialt arbeidsmiljø og produktivitet ut frå desse dataa,

men det vil ikkje automatisk seie at det ikkje finst nokon samanheng mellom forbetringar i det psykososiale arbeidsmiljøet og evna som verksemda har til å skape verdi. Resultatet indikerer berre at samanhengen ikkje let seg påvise i dataa våre.

Lågare sjukefråvær aukar produktiviteten
I det norske datamaterialet hadde ein også tilgang til sjukefråværsdata. Analysane av desse viste ein signifikant negativ samanheng mellom sjukefråvær og produktivitet. Resultata var robuste, og gav same resultat også når ein tok høgde for produktivitetsutviklinga over tid.

Framtidig forskingsbehov
Utfordringane med å skaffe ny kunnskap om samanhengen mellom arbeidsmiljø og produktivitet, ligg i tilgangen til relevante data og moglegheita til å kople data om arbeidsmiljø til ulike register.

Ein vonar at rapporten kan danne grunnlag for fleire forskingsprosjekt der ein analyserer kvantitative data for å tileigne seg meir kunnskap om samanhengen mellom arbeidsmiljø, trivsel og produktivitet. Til dømes kan ein sjå nærare på om den positive samanhengen mellom arbeidsmiljø og produktivitet skuldast at betre arbeidsmiljø gjev betre produktivitet, eller om det er slik at betre produktivitet er med på å skape eit betre arbeidsmiljø.

Originalartikkel

Andre artikler knyttet til Fysisk arbeidsmiljø

  • Veiledning for måling av stillesittende arbeid vinner prestisjefylt pris

    Langvarig stillesittende arbeid kan være skadelig for helsen din, men hvordan kan en måle slikt arbeid konsistent og korrekt for å ha kunnskap nok til å kunne forebygge helseplager? En gruppe med forskere fra flere europeiske arbeidsmiljøinstitutt har utviklet en veiledning for å håndtere slike spørsmål.

  • Tunge tak i fremtiden?

    Rå muskelkraft eller roboter? Tunge tak er fortsatt en del av hverdagen på mange arbeidsplasser. Vil teknologien gjøre det lettere for folk i framtiden? Og hvordan definerer man egentlig fysisk tungt arbeid?

  • Arbeid med vibrerende verktøy kan påvirke hendene

    Rundt fem prosent av norske mannlige arbeidstakere arbeider med vibrerende verktøy. Slikt arbeid kan øke risikoen for å utvikle hånd-arm vibrasjonssyndrom (HAVS), et syndrom som kan omfatte både nevrologiske plager, skader på blodårer og muskel-/skjelettplager.

  • STAMI-TV: Nevropsykologisk forskning og arbeidsmiljø

    På dette frokostseminaret ser vi særlig på endringer i nevropsykologiske funksjoner på grunn av eksponeringer for vibrasjoner ved arbeid i manuelle yrker. Vi vil også se noe hvordan alderseffekter hos arbeidstakeren som kan påvirke arbeidet. Foredragsholder er forskningssjef Rita Bast Pettersen ved avdeling for arbeidsmedisin og epidemiologi, STAMI.

  • Hvordan måle tremor (skjelving) hos arbeidstakere?

    Mange yrkesgrupper er utsatt for eksponeringer som man mistenker kan gi økt tremor/skjelving. Derfor inngår måling av tremor i mange studier av arbeidstakere med fysiske eller kjemiske eksponeringer. I en ny studie utført av forskere ved Sahlgrenska sykehus og Universitetet i Göteborg i samarbeid med Statens Arbeidsmiljøinstitutt, undersøkte man tremor i en gruppe eldre sveisere, for å vurdere ulike målemetoder.

  • Ny STAMI-rapport: Eksponering i norske sagbruk

    Norsk sagbruksindustri omfatter over 200 sagbruk spredt over hele Norge, og sysselsetter ca. 5000 ansatte. STAMI er i gang med å undersøke om dagens eksponering i norske sagbruk har uheldige effekter på luftveiene og induserer luftveisinflammasjon. En bred eksponeringskarakterisering er nå gjennomført, og resultatene samlet i en STAMI-rapport.