Nyhet

Eit godt arbeidsmiljø styrker produktiviteten

I dei seinare åra har det blitt større fokus på samanhengen mellom arbeidsmiljø og produktivitet. Nordiske studiar og forsking frå mange ulike forskingsmiljø rundt om i verda peiker i same retning: eit godt arbeidsmiljø verkar positivt på produktiviteten.

Produktivitet er her omfanget av produksjonen sett i forhold til arbeidsinnsatsen. Eit av kjenneteikna på eit høgproduktivt land er at dei yrkesaktive får mykje ut av arbeidstimane. Dette kan kome av teknologi og utstyr, godt arbeidsmiljø eller at arbeidet er effektivt organisert.

Forsking viser at satsing på arbeidsmiljø har positive effektar – samstundes som dårleg arbeidsmiljø skaper reelle produktivitetsbortfall. I tillegg til å undersøke produksjonsbortfall blant personar som opplever arbeidsmiljøproblem, har forskarar sett på korleis eit godt fysisk arbeidsmiljø og medarbeidartrivsel aukar produktiviteten på verksemdnivå, og korleis sjukefråværet påverkar produktiviteten.

Høge krav – høg grad av kontroll – god produktivitet

Det er ei vanleg misforståing at krava i norsk arbeidsliv er låge. Internasjonale undersøkingar viser tvert om at Noreg er på topp i Europa både når det gjeld kvantitative og emosjonelle arbeidskrav.

For å vere effektive og konkurransedyktige her til lands er vi avhengige av høge krav. Mellom anna forsking frå STAMI viser at høge krav og høg grad av kontroll over eige arbeid er ein sunn kombinasjon som kan bidra til ein aktiv arbeidssituasjon som i sin tur kan fremje god helse og skape trivsel og engasjement. Men dette stiller store krav til organiseringa av arbeidet og tilnærminga til mellom anna arbeidsmiljøarbeidet.

Vi har etter kvart god kunnskap om viktige arbeidsmiljøfaktorar som kan utgjere ein risiko for dårleg helse og arbeidsrelatert sjukefråvær, og vi veit kva som skal til for å førebyggje desse faktorane, og fremje god helse og jobbengasjement.

Norsk arbeidsliv har tradisjonelt vore langt framme på slike forhold, og dette har bidratt til eit effektivt arbeidsliv med høge krav og forventingar. 9 av 10 arbeidstakarar i Noreg rapporterer om eit godt arbeidsmiljø og høg medarbeidartrivsel. Dette er faktorar som har vist seg å spele ei rolle for produktiviteten.

Arbeidsmiljøtiltak som fremjar auka produktivitet

Arbeidsmiljø er først og fremst knytt opp mot produksjonen i ei verksemd, og handlar om korleis ein organiserer arbeidet slik at kvar enkelt tilsett kan yte optimalt til beste både for verksemda og seg sjølv. For å kunne fremje produktivitet ved å utnytte føremonene som eit godt arbeidsmiljø gir, må ein ha ei systematisk tilnærming og kunnskap om produksjonen, organisasjonen og samspelet derimellom.

Arbeidsmiljøtiltak som har vist seg å bidra til auka produksjon, er først og fremst behovsprøvde, kunnskapsbaserte og systematisk implementerte. Dei siste åra har det kome ei rekkje gode studiar som dokumenterer at gode implementeringar av arbeidsmiljøtiltak har effekt på botnlinja. Ein nærare analyse av desse studiane viser at slike tiltak ofte nettopp handlar om ei heilskapleg optimalisering av produksjonsprosessane og rolla som arbeidstakarane speler i desse.

Sjukefråvær og produktivitet

Forskarar ved Karolinska Institutet i Stockholm har funne at produksjonsbortfallet blant personar som opplever arbeidsmiljøproblem, ligg på 30–40 prosent per veke. I gjennomsnitt blir dette 12–16 timar tapt produktiv arbeidstid i veka. Dei som opplever problem i arbeidsmiljøet, meiner sjølve at dette har større påverknad på prestasjonen enn eventuelle helseproblem.

Samstundes viser denne forskinga at ein kombinasjon av helseproblem og arbeidsmiljøproblem har ein sterk negativ effekt på produktiviteten. Talet på sjukmelde (personar som er borte frå jobb) i Noreg i dag ligg til ei kvar tid på drygt 6 prosent. Faktabok om arbeidsmiljø og -helse viser at nærare 40 prosent av alle med sjukefråvær oppgir forhold på jobb som årsak, men det er store skilnader mellom ulike yrke og bransjar. Dette medfører store produktivitetstap.

Rundt 60 prosent av det arbeidsrelaterte sjukefråværet skuldast muskel- og skjelettplager og psykiske lidingar. Forskarar ved STAMI har mellom anna sett på nakke- og skuldersmerter, og viser at oppimot 12 prosent er knytt til mekaniske påkjenningar og rundt 11 prosent til psykiske forhold.

Denne typen forskingsbasert kunnskap opnar for meir målretta tiltak og sokalla kunnskapsbasert førebygging. Dersom ein veit kva typar eksponeringar som fører til ulike plager, kan ein jobbe for å hindre at plagene oppstår eller blir forverra. Her vil ein lettare kunne hente gode resultat på arbeidsmiljøsida, og dette vil i sin tur kunne vise att på produktiviteten.

Ei lønsam investering?

I ein rapport som vart utført av forskarar frå heile Norden, viste Nordisk Ministerråd i 2014 ein samanheng mellom eit godt fysisk arbeidsmiljø og medarbeidartrivsel. Med ein likearta bruk av omgrep har forskarane også sett på velværet (wellbeing) til dei tilsette, ulike arbeidsplassressursar og prestasjon. God HR-praksis, eit godt arbeidsmiljø og gode ressursar til å gjennomføre eigne oppgåver er faktorar som ser ut å påverke velværet og prestasjonen til dei tilsette.

Arbeidsengasjement, ressurstilgang og organisering er saman med organisasjonsengasjement og gruppe- eller leiingsressursar viktige mekanismar som verkar medierande for samanhengen mellom velvære og prestasjon.

I samarbeid med det tyske instituttet DGUV (German Social Accident Insurance) publiserte International Social Security Association (ISSA) i 2013 ein rapport om det økonomiske utbytet av investeringar i arbeidsmiljø og førebyggande tiltak. Gevinsten av førebygging (Return on Prevention – ROP) på tvers av ulike arbeidsmiljøkulturar vart undersøkt i ein global studie som inkluderte meir enn 20 land.

På mikroøkonomisk nivå vart dei sterkaste samanhengane funne i sektorar som produksjon, transport, allokering av personell og drift av/arbeid i lager (warehousing). Samstundes hadde arbeidsmiljøtiltak større effekt i store verksemder enn små. På eit makroøkonomisk nivå (globalt) vert det sett ein forsiktig samanheng mellom konkurransekraft og produktivitet knytt til satsing på arbeidsmiljø. I praksis estimerer forskarane at ei investering gir ein førebyggingsratio på 2.2. Det vil seie at kvar krone som vert investert, gir 2,2 kroner tilbake.

Kan ein tene på arbeidsmiljøtiltak?

Vi ser altså ein samanheng mellom eit godt fysisk arbeidsmiljø, medarbeidertrivsel og produktiviteten i ei verksemd. Det er samanheng mellom lågare sjukefråvær og produktivitet, og mellom velvære og prestasjon, og tilsvarande mellom produktivitetsbortfall og dårleg arbeidsmiljø. Eit godt arbeidsmiljø kan soleis gi ein stor produksjonsgevinst, og ein kan spare stort på ikkje å ha produksjonsbortfall.

Investeringar i arbeidsmiljøet er éin måte å gjere det på. Dette samsvarer godt med funna som mellom anna STAMI har gjort når det gjeld psykososiale og organisatoriske forhold og potensialet for å spare samfunnskostnader gjennom kunnskapsbasert førebygging. Her er det viktig å få fram at ein treng tiltak på organisasjonsnivå, og ikkje berre retta mot den enkelte arbeidstakar, for å oppnå gode resultat. Gevinsten ved å ha eit godt arbeidsmiljø gir seg utslag i sparte kostnader på samfunnsnivå, produktivitetsgevinst på verksemdnivå og betre helse på individnivå.

Denne artikkelen er henta frå STAMIs magasin Arbeid og helse, som du kan laste ned eller bestille gratis tilsendt her.

 

 

Andre artikler knyttet til Organisatoriske forhold

  • Ledelse: Helse, fravær og frafall fra arbeidslivet

    Ledelse har fått en sentral plass i diskusjoner om arbeid, helse, fravær og frafall. Statens arbeidsmiljøinstitutt har i flere studier sett på ulike sider av ledelse, og ansattes oppfattelse av lederes atferd.

  • Skiftarbeid blant sykepleiere - psykiske symptomer og jobbtilfredshet

    I en ny studie av sykepleiere i Palestina studerte forskere effekten av skiftarbeid på psykisk helse. Studien omfattet 344 sykepleiere som besvarte ulike spørreskjemaer om arbeidstid og data om lønnsforhold, familiesituasjon og liknende. I underkant av 40 prosent av de som deltok i studien var menn.

  • Risiko for frafall fra arbeidslivet minimeres gjennom påvirkningsmuligheter i eget arbeid

    Arbeidstakere som har mulighet til å påvirke sitt eget arbeid har lavere risiko for falle ut av arbeidet som arbeidsuføre. Med påvirkning på eget arbeid menes kontroll over egen arbeidssituasjon, å kunne påvirke hvordan man gjør arbeidet, og ens egen arbeidstid.

  • Ansattes opplevelse av ledelse etter en alvorlig hendelse

    Høye nivåer av posttraumatisk stress blant ansatte etter traumatiske hendelser kan føre til at de ansatte oppfatter ledere og ledelse som mindre støttende. Samtidig er dette mulig å forebygge gjennom å sikre at de ansatte har positive opplevelser av ledere og ledelse før kritiske hendelser oppstår.

  • Hva har ledelse å si for arbeidsmiljøet?

    I arbeidshelsepsykologien har man fokusert mye på forholdet mellom krav som stilles til ansatte og deres mulighet til å ha kontroll over hvordan arbeidet skal utføres, hvorvidt jobben er meningsfylt og om man får anerkjennelse som står i forhold til den innsatsen man legger inn i arbeidet. Slike faktorer er det naturligvis mulig for ledere å påvirke.

  • Ny doktorgrad: Skiftarbeid, arbeidsmiljø og mental helse

    En ny doktorgradsavhandling fra STAMI belyser hvordan skiftordninger og psykologiske og sosiale faktorer på jobb kan påvirke arbeidstakeres psykiske helse. Mona Berthelsen disputerer 10. februar for ph.d.-graden med avhandlingen “Effects of shift work and psychological and social work factors on mental distress. Studies of onshore/offshore workers and nurses in Norway.”