Nyhet

Kva er effekten av tilsyn og rettleiing frå Arbeidstilsynet?

I kva grad tilsyn og rettleiing frå Arbeidstilsynet faktisk fører til at færre vert eksponert for helseskadelege faktorar i arbeidsmiljøet, og om tilsyn førebygger andre helseutfall enn arbeidsskadar, veit ein til no lite om. STAMI starter derfor opp eit forskingsprosjekt med mål om å avdekke effektane av Arbeidstilsynet sine verkemiddel. Forskingsprosjektet kan gi svar som kan gjere etaten meir effektiv i å førebygge arbeidsrelaterte helseskadar i Noreg.

Nyleg vart den samfunnsøkonomiske kostnaden som er knytt til arbeidsrelaterte sjukdomar og skader estimert til om lag 75 milliardar kroner årleg i Noreg. I representative studiar av den norske arbeidsstokken vart det estimert at 40 prosent av tilfella med korsryggsmerter, og 25 prosent av tilfella med psykiske plager, er knytt til arbeidsmiljøforhold.

Arbeidstilsynet si hovudoppgåve er å føre tilsyn med at verksemder etterlever krava i arbeidsmiljøloven. Formålet er å bidra til varige betringar i arbeidsmiljøet slik at arbeidsrelaterte helseskader kan førebyggast. Etaten har tilsynsansvar for om lag 195 000 verksemder med arbeidsgivaransvar, og i 2016 vart det gjennomført i overkant av 15 000 tilsyn og meir enn 700 sjølvstendige rettleiingar.

Tilsyn og rettleiing – fungerer det?

Ei kunnskapsoppsummering frå STAMI i 2017 viser at Arbeidstilsynet si handheving av lovar fører til auka etterleving av lovkrav, og redusert hyppigheit av arbeidsskadar. Likevel viser oppsummeringa at det er svært bygrensa dokumentasjon når det kjem til effektar av tilsyn og rettleiing frå etaten. Bidreg tilsyn og rettleiing til at færre vert eksponert for helseskadelege faktorar i arbeidsmiljøet? Dette er mellom anna spørsmål STAMI vil gi svar på i det nye prosjektet.

– Gevinsten av å finne ut dette er at svara kan bidra til at vi på ein meir effektiv måte kan førebygge arbeidsrelaterte helseskader i Noreg. Vi ser fram til å starte prosjektet så snart vi får på plass godkjenning frå regional-etisk komité, fortel Håkon Johannessen, prosjektleiar og forskar ved STAMI.

Prosjektet vert gjennomført i samarbeid med Arbeidstilsynet og i næringar som tidlegare har vore lite studert med omsyn til effektar av tiltak frå myndigheitene. Både STAMI og Arbeidstilsynet legg ned betydelege ressursar for å få gjennomført prosjektet.

– Arbeidstilsynet er veldig glad for at vi har fått etablert dette forskingsprosjektet. Det vil gi oss meir kunnskap om kva effektar tilsyn og rettleiing har på arbeidsmiljø og helse ute i verksemdene . Meir kunnskap om effektar vil gjere oss enda betre i stand til å vurdere kva verkemiddel vi bør bruke i ulike situasjonar, kommenterer Monica Seem, avdelingsdirektør for dokumentasjon og analyse i Arbeidstilsynet.

Meir om prosjektet

Les kunnskapsoppsummeringa frå 2017

Andre artikler knyttet til Organisatoriske forhold og Psykososiale forhold

  • Tilsyn og rettleiing frå Arbeidstilsynet - Nyttar det?

    Forsking viser at eit ugunstig psykososialt arbeidsmiljø kan føre til at tilsette får muskelskjelett- og psykiske plager. STAMI er i gang med å kartlegge arbeidsmiljøet blant landets heimetenester for å finne svar på kva tiltak frå Arbeidstilsynet som fungerer best for å bidra til å forbetre det psykososiale arbeidsmiljøet blant tilsette i bransjen.

  • Arbeid med mennesker påvirker helsa

    I yrker hvor man jobber i direkte kontakt med mennesker er det forventet at den ansatte uttrykker bestemte følelsesuttrykk uavhengig av dagsform og humør. Dette kan oppleves utfordrende og kan påvirka helsa, viser ny doktorgrad.

  • Nytt verktøy kan studere arbeidsmiljøets betydning for sykefravær og arbeidsdeltagelse

    Forskere ved STAMI har utviklet et verktøy som gjør det mulig å ta i bruk registerdata for å studere betydningen av psykososiale og mekaniske arbeidseksponeringer på arbeidshelse i store populasjonsstudier.

  • Mobbing og smerte blant kvinner og menn

    Fleire studiar har vist at mobbing på jobb kan føre til fysiske smerter. Men er grada av smerte forskjellig mellom menn og kvinner? Det har forskarar frå Statens arbeidsmiljøinstitutt funne svar på.

  • Organisatoriske endringer øker risikoen for psykiske plager hos ansatte

    Større organisatoriske endringer er stadig økende i både privat og offentlig sektor. I en ny studie fra Statens arbeidsmiljøinstitutt har forskere funnet en økt forekomst av psykiske helseplager hos ansatte i bedrifter som har gjennomgått organisasjonsendringer. Psykiske plager er en viktig årsak til produktivitetstap, sykefravær og uførhet i det norske arbeidslivet. Funnene kan gi svar på hvorfor endringer i bedrifter ofte ikke fører til økt lønnsomhet.

  • Vold og mobbing øker risikoen for psykosomatiske plager hos sykepleiere

    Mer enn hver fjerde palestinske sykepleier på Vestbredden har vært utsatt for ulike former aggresjon på jobben, viser ny studie. Studien viser at å være utsatt for vold og mobbing øker risikoen for å utvikle psykosomatiske symptomer.