
Årsakene til sjukefråvær er eit komplekst samspel mellom eiga helse og livsstil, yrke og forhold på arbeidsplassen, og samfunnsfaktorar som den økonomiske utviklinga i landet og trygdesystemet.
Det er derfor vanskeleg å måle nøyaktig kor stor del av sjukefråværet som kjem av arbeidet. Tidlegare studiar indikerer at ein stor del av sjukefråværet kjem nettopp av arbeidsfaktorar.
− Ved å samanlikne sjukefråværet i ulike yrke mellom ulike land kan vi sjå kva yrke som har relativt høgt sjukefråværsnivå i fleire land. For desse yrka er det større sannsyn at sjukefråværet kjem av yrkesrelaterte faktorar, seier Karina Undem, som er stipendiat på Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) og har bidrege i studien.
Nordisk modell for yrkeskodar
Forskarane har identifisert yrke med høg førekomst av langvarig sjukefråvær hos nordiske tilsette, og utforska likskapar og forskjellar mellom landa.
Ved å bruke data frå nasjonale register på 25 til 59 år gamle lønnstakarar frå Danmark, Finland, Noreg og Sverige, rekna dei ut den kjønns- og yrkesspesifikke førekomsten av sjukefråvær totalt og sjukefråvær på grunn av muskel- og skjelettsjukdommar og psykiske lidingar.
For å betre kunne samanlikne yrke mellom landa, utvikla forskarane ein nordisk modell for yrkeskodar.
Høgare sjukefråvær i Noreg
− Vi såg at sjukefråværet generelt var høgare i Noreg enn i dei andre landa. Noreg hadde også flest yrkesgrupper der sjukefråværet var signifikant høgare enn gjennomsnittsnivået i landet, forklarer Undem.
Forskarane fann den same trenden då dei såg på sjukefråvær på grunn av muskel- og skjelettplager. For sjukefråvær som kjem av psykiske lidingar og plager, var det Sverige som hadde det høgaste nivået.
− Då vi rangerte yrka etter sjukefråværsnivået, fann vi forskjellar mellom landa i kva yrke som hadde det høgaste sjukefråværet. I alle landa var likevel trenden at manuelle yrke, og til dels service- og omsorgsyrke, var yrka med høgast sjukefråvær, seier Undem.
Sjukefråvær som kjem av muskelskjelettplager var meir vanleg i manuelle yrke.
− Men psykiske lidingar var meir vanleg i service- og omsorgsyrke. Dette var gjennomgåande for alle landa, legg ho til.
Stort potensial for å redusere
Vidare var det var nokre yrke som hadde høgt sjukefråvær i alle landa. Til dømes var taktekkarar på topp fem høgaste yrke i tre av fire land blant menn.
Blant kvinner var buss- og sporvognsførarar på topp fem av yrka med høgaste sjukefråvær i alle fire land. Undem forklarer at dette er yrke med høgt sjukefråvær i alle landa trass i forskjellar i arbeidsmarknaden, trygdesystema og yrkesalderssamansetning i landa.
− Dermed kan vi konkludere med at dette er yrke der det sannsynlegvis er stort potensial for arbeidsplassretta tiltak for å redusere sjukefråværet, seier ho.
Ho understrekar vidare at slike samanlikningar som er gjorde i studien, vil gi forskarar og styresmaktene ei betre forståing av kor mykje av sjukefråværet som er knytt til arbeidet.
− Vi meiner studien bidreg til å gi eit betre grunnlag for å setje i verk målretta tiltak for å førebyggje sjukefråvær og fråfall frå arbeid, avsluttar Undem.