Hjem Nyheter Arbeidsulukker blant unge

Arbeidsulukker blant unge

Det er eit vanleg funn i studiar av arbeidsskadar at det er størst risiko hos dei yngste aldersgruppene, og då særleg hos unge menn. Ein ny dansk studie viser likevel at verksemdene ikkje først og fremst bør fokusere på alder når dei vil førebyggje ulukker blant unge medarbeidarar.

Unge medarbeidarar mellom 18 og 24 år har størst risiko for å skade seg på jobben, men det er her snakk om ei særs differensiert gruppe. Dersom ein ser på dei unge som ei einsarta gruppe, er det fare for at ein legg for stor vekt på individuelle tiltak som rådgjeving, instruksjon og rettleiing, og gløymer at også arbeidstilhøva, strukturen, hierarkiet og relasjonane på arbeidsplassen spelar ei viktig rolle, heiter det i studien frå Det Nationale Forskingscenter for Arbejdsmiljø i Danmark.

Førebyggingsarbeidet må nyanserast
Erfaringane til dei unge medarbeidarane sjølve kan også vere med på å gi ny innsikt i risikable situasjonar på arbeidsplassen. Oppfatninga av unge som ei aldersdefinert gruppe, kan forklare kvifor førebyggjande innsats blant unge i stor grad har vore retta mot aldersrelaterte individuelle faktorar som til dømes ikkje-føremålstenleg risikoåtferd og mangel på erfaring.

Førebygginga av ulukker på arbeidsplassen bør nyanserast, slik at tryggingsarbeidet også tek høgde for tilhøva som dei unge arbeider under. Elles kan ein kome til å leggje for mykje vekt på merksemda og dei kognitive evnene til kvar enkelt, heiter det i studien.

Høgast skaderisiko for unge også i Noreg
 – Også her til lands ser ein at risikoen for å bli skadd i ei arbeidsulukke er omtrent dobbelt så stor for aldersgruppa 16–24 år, som for dei over 45 år. Sjølv om dei yngste er mest årvakne og har best reaksjonsevne, ser ikkje dette ut til å vege opp for faktorar som til dømes lite erfaring.

Dei yngste arbeidarane har gjerne mindre rutine, samstundes som dei også kan ha dei mest ulukkesbelasta jobbane. I mange yrke kjem ein gjerne over i meir beskytta jobbar først når ein blir litt eldre, seier Hans Magne Gravseth, overlege ved Statens arbeidsmiljøinstitutt.

Førebyggjande arbeid må ha brei tilnærming
– Det er openbert at unge arbeidstakarar er ei heterogen gruppe der ein ikkje kan skjere alle over éin kam. Ergo kan ein ikkje rette førebygginga utelukkande mot aldersrelaterte aspekt, seier Gravseth vidare.

– Det førebyggjande arbeidet må ha ei brei tilnærming og ta omsyn til strukturelle og organisatoriske tilhøve på arbeidsplassen. Unge arbeidstakarar inngår i komplekse og sosiale samanhengar på ein arbeidsplass, og det er prisverdig at dette danske prosjektet freistar skaffe ny kunnskap på dette området.

Om arbeidsskadar i Noreg
Tabellen under viser tal frå tilleggsundersøkinga til Arbeidskraftundersøkinga i 2007 (AKU-tillegget 2007). Her spurte ein ca. 14 000 yrkesaktive om dei hadde blitt skada som følgje av ei ulukke på arbeidsplassen i løpet av det siste året. Tala er prosentdelen i kvar aldersgruppe (fordelt på kjønn) som oppgav å ha blitt skada:

Aldersgruppe       Menn              Kvinner

16–24                    5,9                   3,6

25–34                    4,9                   1,7

35–44                    3,4                   2,9

45–54                    3,3                   2,4

55–74                    2,2                   1,4

Gjennomsnitt       3,7                  2,4

Det Nationale Forskningscenter for Arbejdsmiljø

Få nyhetsbrev
Lukk