Hjem Nyheter Arbeidsrelaterte psykososiale og mekanisk[...]

Arbeidsrelaterte psykososiale og mekaniske risikofaktorar for smerter i krossryggen

I Noreg er ryggplager ei av dei vanlegaste årsakene til sjukmelding og uførepensjon. Om lag 30 prosent av norske yrkesaktive har smerter i krossryggen eller nedre del av ryggen i løpet av ein månad. Dette svarar til om lag 700 000 yrkesaktive.

Nær halvparten av desse seier at smertene utelukkande eller delvis skuldast den noverande jobben, og 6 prosent eller nærare 140 000 oppgir at dei har alvorlege jobbrelaterte smerter, viser tal frå Nasjonal overvåking av arbeidsmiljø og helse (NOA) ved Statens arbeidsmiljøinstitutt. Tala er baserte på sjølvrapporterte data frå levekårsundersøkinga om arbeidsmiljø 2009, som vart gjennomført av Statistisk Sentralbyrå.

Kartlegging av risikofaktorar
Risikofaktorane for smerter i krossryggen er mange og samansette. Det er kartlagt meir enn 100 risikofaktorar, og i dei fleste tilfella skuldast smertene i krossryggen truleg ein kombinasjon av individuelle, arbeidsrelaterte og ikkje-arbeidsrelaterte faktorar. Arbeidsrelatert vil seie at smertene utelukkande eller delvis skuldast arbeidstilhøva.

Arbeidsrelaterte risikofaktorar for plager i krossryggen er ofte blitt studerte i samanheng med eksponering for biomekaniske prosessar i arbeidssituasjonen, men i dei siste tiåra har det vore større fokus på arbeidsrelaterte psykososiale faktorar i epidemiologiske studiar av smerter i krossryggen.

Arbeidseksponeringar er ei viktig årsak
I ein nyleg publisert oppfølgingsstudie frå STAMI såg ein nærare på korleis psykososiale og mekaniske faktorar ved arbeidet påverkar utviklinga av moderat til alvorleg LBP (lower back pain) i den generelle yrkesfolkesetnaden i Noreg. Ifølgje studien er truleg opp mot 42 prosent av tilfella med moderate til alvorlege smerter i krossryggen relaterte til eksponering på jobb.

  • Dei viktigaste psykososiale risikofaktorane for smerter i krossryggen var høge jobbkrav og låg jobbkontroll.
  • Dei viktigaste mekaniske risikofaktorar for smerter i krossryggen var løft i vonde stillingar, arbeid i kneståande stilling / på huk og ståande arbeid mesteparten av arbeidsdagen.
  • Resultata tyder på at desse risikofaktorane spelar ei rolle både for nye og tilbakevendande eller vedvarande ryggplager. Ved høge jobbkrav vart det funne ein potensielt sterkare samanheng for tilbakevendande eller vedvarande ryggplager.

 

Originalartikkel

Få nyhetsbrev
Lukk