Hjem Nyheter Arbeidsrelatert PTSD

Arbeidsrelatert PTSD

Arbeidsrelatert posttraumatisk stressliding (PTSD) er ein tilstand som også bedriftshelsetenesta kan møte på. Medarbeidarar ved STAMI har saman med forskarar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) gjort ein ny kunnskapsgjennomgang og sett på litteraturen som omhandlar yrkesgrupper som kan vere utsette for å utvikle arbeidsrelatert PTSD.

Innsatspersonell som politifolk, brannmenn og ambulansepersonell kan ofte oppleve hendingar som innfrir kriteriet for diagnosen PTSD. Også andre yrkesgrupper – mellom anna tilsette innanfor helse og omsorg, togførarar, dykkarar, journalistar, sjøfolk, banktilsette og folk som jobbar på postkontor eller i butikk – kan bli utsette for potensielt traumatiserande hendingar.

Alvorleg hending
Ei alvorleg hending er eit naudsynt diagnostisk kriterium for diagnosen PTSD. Nesten alle utviklar posttraumatiske stressreaksjonar kort tid etter å ha blitt utsette for alvorlege stressbelastingar. Slike erfaringar kan definerast som noko som trugar livet til ein sjølv eller ein nærståande person, og som framkallar intens frykt, redsle eller hjelpeløyse.

Personar som har blitt utsette for alvorlege stressbelastingar, kan mellombels eller over tid vere plaga med oppattleving av traumet. Dei kan unngå ting som minner om traumet, og ha ei stor grad av fysiologisk beredskap. Dei fleste stressreaksjonane vert mildare i løpet av dagar, veker eller eit par månader utan behandling.

Ved dei fleste alvorlege stressbelastingar er utfallet auka fleksibilitet, aksept og posttraumatisk vekst. Slik er det også med arbeidsrelatert PTSD, som likeeins vert mildare med tida.

Den viktigaste risikofaktoren når det gjeld utvikling av PTSD, er alvoret av stressbelastinga. Svak sosial støtte og psykiske lidingar forut for den traumatiske hendinga kan vidare auke risikoen for å utvikle PTSD.

Førebygging
Førebygging av arbeidsrelatert PTSD omfattar eit godt organisatorisk og psykososialt arbeidsmiljø, systematisk opplæring av tilsette, sosial støtte frå kollegaar og leiarar, og ei forsvarlig oppfølging av tilsette etter ei kritisk hending.

Ein krisehandsamingsplan på arbeidsplassen, der eit trena team inngår, vil sikre at dei tilsette får informasjon og støtte som kan hjelpe dei å få tilbake god psykisk helse, og raskt kome i arbeid att. Ein slik modell (bedriftsmodellen) som går på å mobilisere interne ressursar i bedrifta, er ein betre førebyggjande psykiatrisk strategi enn det å bruke det tradisjonelle helsevesenet etter ei krise.

Originalartikkel

Få nyhetsbrev
Lukk