Hjem Nyheter Alvorlegare smerter blant kvinner enn menn?

Alvorlegare smerter blant kvinner enn menn?

Ny forsking ved Statens arbeidsmiljøinstitutt viser at det blant personar som rapporterer smerter, er vanlegare at kvinner har kliniske diagnosar enn menn – og at det er vanlegare blant personar med låg sosial posisjon enn dei med høg posisjon.

Smertene som vart rapporterte å skuldast arbeid, vart i vurderingane frå lege oftare kategoriserte som arbeidsrelaterte blant personar med låg sosial posisjon enn dei med høg posisjon, og oftare hos menn enn hos kvinner. I grupper med høg sosial posisjon var smerter derimot oftare arbeidsrelatert blant kvinner.

Kvifor rapporterer kvinner meir smerter enn menn?
Mange undersøkingar viser at kvinner rapporterer meir smerter enn menn, og meir arbeidsrelaterte smerter. Mange vil tenkje at dette er fordi kvinner overrapporterer smerter, og har større tendens enn menn til å kople smertene til arbeid. Undersøkingar viser også at personar med låg sosial posisjon rapporterer meir smerter, og meir arbeidsrelaterte smerter enn personar med høg posisjon.

Resultata våre tyder på at funn av høgare smerteførekomst blant kvinner og i lågare sosiale grupper ved bruk av sjølvrapporterte data, neppe kan forklarast med ein lågare terskel for rapportering av smerte i desse gruppene. Tvert imot kan terskelen vere høgare, slik at helseskilnadene faktisk kan vere større enn desse studiane skulle tilseie.

I anna forsking har ein funne at personar med kliniske muskel- og skjelettdiagnosar har sterkare smerteintensitet og hyppigare og meir langvarige smerter enn dei som berre har smerter utan kliniske diagnosar. Sett i lys av dette kan resultata våre tyde på at kvinner som rapporterer smerter, ofte har alvorlegare smerter enn menn med smerter, og at personar med låg sosial posisjon har alvorlegare smerter enn dei med høg posisjon.

Kan vi samanlikne spørjeskjemasvar på tvers av kjønn og sosial posisjon?
I mange undersøkingar blir det spurt om sjølvrapporterte smerter, og eventuelt om smertene skuldast jobben. Men kan vi utan vidare samanlikne svara på tvers av kjønn og sosial posisjon?

Vi har studert dette blant personar som rapporterte smerter i nakke/skulder eller arm, og som vart undersøkte av ein lege og spesialist i arbeidsmedisin ved STAMI. Det vart undersøkt om desse hadde funn som tilsvara kliniske diagnosar i nakke, skulder, olboge eller underarm/handledd. I tillegg undersøkte ein om sjølvrapporteringa samsvarte med korleis legen vurderte eventuell samanheng med arbeid.

Vi samanlikna sjølvrapporterte smerter med kliniske diagnosar, og sette sjølvrapport samanheng med arbeid opp mot legevurderinga. Det vart gjort samanlikningar mellom kvinner og menn, og mellom personar med høg og låg sosial posisjon.

Resultata vi kom fram til, tyder på at sosiale skilnader i arbeidsrelaterte smerter i realiteten kan vere større enn det som kjem fram i undersøkingar der ein brukar sjølvrapporterte data. I undersøkingar som viser høgare førekomst blant kvinner enn menn, kan derimot kjønnsskilnadene vere mindre, eller til og med gå motsett vei, slik at menn i røynda har høgare førekomst enn kvinner. Men dette gjeld då berre i grupper med låg sosial posisjon.

Studien viser at resultata av undersøkingar som er baserte på spørsmål om sjølvrapporterte smerter eller sjølvrapportert samanheng med arbeid, kanskje bør tolkast med varsemd, og at kjønnsskilnader og sosiale skilnader i røynda kan vere større, eller eventuelt mindre, enn det slike undersøkingar viser.

Få nyhetsbrev
Lukk