Nyhet

Å arbeide når det er kaldt

Mange arbeider i kalde omgjevnader. For desse yrkesutøvarane er det å jobbe når det er kaldt – anten det er utandørs med vind og nedbør, eller arbeid i kulde innandørs – ein del av arbeidskvardagen.

Per i dag er det rundt 13 prosent av arbeidsstyrken i Noreg som arbeider i kulde vinterstid, eller som er eksponerte for kulde i tre fjerdedelar av arbeidsdagen. Trenden er svakt aukande etter å ha falle i mange år på 80- og 90-talet.

Arbeid i kalde omgjevnader vert gjerne delt inn i to kategoriar: Arbeid i kulde utandørs med eksponering for vind og varierande fuktigheit, og arbeid i kaldt, regulert klima innandørs.Yrkesgruppa som i størst grad vert eksponert for kulde i arbeidet, er tømrarane. I underkant av 70 prosent av tømrarane rapporterer å vere eksponerte for kulde store delar av arbeidsdagen. Det same gjer rundt 60 prosent av anleggsarbeidarane og i overkant av 50 prosent av bøndene og fiskarane.

Bransjar i vekst og utvikling

Arbeid i kalde omgjevnader er altså vanleg i ei rekkje bransjar, så som bygg og anlegg, jord/skogbruk/fiske, kraft/vassforsyning, transport/lagring og utvinning av olje/gass. Fleire av desse bransjane er i dag vekstbransjar som er venta å vekse også i tida framover.

Energi og vassforsyning høyrer til dei sektorane i europeisk næringsliv – og «grøn økonomi» generelt – som veks raskast. Meir aktivitet i nordområda grunna utvinning av olje, gass og mineralar, kombinert med ein venta auke i skipstrafikken gjer at ein i Noreg reknar med ei aukande eksponering for kulde. Primærnæringane vil ikkje forsvinne, og fiske og fiskeoppdrett er ei av dei største eksportnæringane i Noreg.

– Evna som menneske har til å tilpasse seg kortvarig kulde, er relativt godt kjend. Vi har mykje kunnskap om dei fysiologiske reaksjonane hos menneske under akutt kuldepåverknad. Også verknadene av nedkjøling av hjartet og nervesystemet hos pasientar under kirurgiske inngrep er noko vi veit mykje om. Nedkjøling blir nytta som behandling for å avgrense hjerneskadar etter traumar og oksygenmangel, fortel Stein Knardahl, direktør ved avdelinga for arbeidspsykologi og -fysiologi ved STAMI.

Det aller meste av forskinga rundt verknadene av kulde har vore laboratorieundersøkingar av kuldetoleranse og kuldereaksjonar hos unge og friske personar. Eit døme er reaksjonar ved senking i kaldt vatn. Mykje av kunnskapen om fysiologiske mekanismar kjem frå forsøk på dyr. Denne kunnskapen er viktig og nyttig,

men lèt seg ikkje nødvendigvis overføre direkte til menneske.Trass i at vi veit mykje om korleis friske, unge menneske reagerer på kulde, er det framleis behov for meir kunnskap om arbeid i kalde omgjevnader.

Ny kunnskap, ny tilnærming

– Arbeid i kalde omgjevnader inneber ofte lange arbeidsøkter på opptil 12 timar. Vi treng kunnskap om kuldereaksjonar og kuldetoleranse ved lange skift, og vi treng å vite om arbeid i kulde over lengre tid kan bidra til helseproblem og sjukdomar, seier Stein Knardahl.

– Alderen på den yrkesaktive befolkninga i Noreg strekkjer seg frå omlag 18 til 70 år. I det norske arbeidslivet vert det venta at fleire skal vere i arbeid lenger; helst til dei er over 70. Dagens kunnskap er i hovudsak basert på studiar av korleis unge menneske tilpassar seg kulde, og kan ikkje generaliserast til eldre arbeidstakarar. Vi ser slik eit kunnskapsbehov knytt til utviklinga av arbeidslivet i Noreg generelt.

Dette er eit strategisk satsingsområde for STAMI i åra som kjem, og instituttet er allereie i gang med studiar på feltet. I tillegg samarbeider instituttet internasjonalt, særleg i nordisk samanheng, der dette er sett på dagsordenen. Ein har dermed forventningar om mykje ny kunnskap dei komande åra.

Denne artikkelen er tidlegare publisert i STAMIs magasin Arbeid og helse.  Her kan du laste ned Arbeid og helse, eller få magasinet gratis tilsendt.

 

Arbeid i kulde

  • Meir om det å arbeide i kalde omgjevnader fra Nasjonal overvåking av arbeidsmiljø og helse ved STAMI.